20.03.2017

Tjuande mars

Tjuande mars 1935 kom Sam Lay til verda i Birmingham i Alabama. Trommeslagaren Lay har tromma så bra at det har gjeve han plass i Blues Hall Of Fame og i mi platesamling kan han høyrast medan han held takten for Bob Dylan på plata Highway 61 Revisited frå 1965. I 1943 vart Jon Christensen fødd i Oslo. Hjå meg kan jazztrommisen Christensen høyrast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1951 vart James Lawrence Vaughan fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Gitaristen Jimmie Vaughan er ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan, og er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000. Jimmie Vaughan er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplatene The Best Of Stevie Ray Vaughan frå 2007, og Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998. I 1957 vart Sven Joachim Eriksson Thåström fødd i Stockholm. Joachim Thåström var ubestriden leiar i banda Ebba Grön og Imperiet, som herja punk- og nyveivmiljøet sytti- og åttitalet. Hjå meg kan Thåström høyrast på Ebba Grön si plate We’re Only In It For The Drugs frå 1979, samt eit bra utval av studio-, konsert- og samleplater frå begge banda, i tillegg til soloplata Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1959 kom Ian Fredrick Rossiter til verda i walisiske Newport. Under aliaset Owen If opptrer Rossiter i Stereo MC’s og hjå meg høyrer du han på den kritikarroste plata Deep Down And Dirty frå 2001. I 1960 var The Jordanaires innom studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn songane Someday My Prince Will Come, i to ulike versjonar, og Old Folks. Alle versjonane kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1969 var Neil Young og kompisane hans i Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody Knows This Is Nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren, som også kan høyrast på ei rekkje andre samleplater. I 1972 kom Alexander Paul Kapranos Huntley til verda i Almondsbury. Alex Kapranos er frontfigur i det skotske indiebandet Franz Ferdinand der han både syng og spelar gitar. Kapranos sine bidrag til mi platehylle heiter Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1976 vart Chester Charles Bannington fødd i Phoeniz i Arizona. Songaren Chester Bannington har sitt daglege virke i Linkin Park og kan hjå meg høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. I 1978 var Gasolin’ på plass i Sweet Silence Studio i kongens by, København. Songen med den meiningsbærande tittelen U Lu La Lu vart foreviga for ettertida og produsent var Freddy Hansson i samarbeid med bandet. I 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line. I 1991 slepte brasilianske Sepultura den kritikarroste plata Arise I 1997 døyde Ronnie Barron. I 2000 slepte multikunstnaren Oddvar Torsheim plata Tur – Retur Blues. I 2011 døyde Ralph Mooney. I 2015 døyde AJ Pero.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar