25.03.2017

Tjuefemte mars

Tjuefemte mars 1942 vart Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis i Tennessee. Soullegenda Aretha Franklin gjorde ein opptreden, med låten Think, i den udødelege filmen The Blues Brothers, som i høgste grad er med å heve standarden på filmen. Dama, som var tobarnsmor før ho fylte femten, hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei tilnærma endelaus rekkje legendariske soul-hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg kan du høyre legenda si gjennomtrengjande røyst på plata Aretha frå 1980, i tillegg til samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. I 1946 kom The Funky Doctor, Stephen Kupka, til verda i universitetsbyen Berkeley i California på den amerikanske vestkysten. Kupka er ein av grunnleggarane av bandet Tower Of Power, men hjå meg er det på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, det glitrande saksofonspelet hans kan høyrast. I 1947 vart Reginald Kenneth Dwight fødd i engelske Pinner. Elton John har skrive og spela så mange hits at det ikkje er naudsynt å presentere han nærare, men han er likevel ikkje funnen verdig ein plass som soloartist i mi platehylle enno. Fotballentusiasten Elton John sitt bidrag til mi platehylle finn du derimot på kompisen Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974, i tillegg til utvalde spor på same mann si samleplate The Mercury Anthology, som var ei av dei betre samleplatene som kom på marknaden i 1992. I 1949 vart Robert Allan Ezrin fødd i Toronto i Canada. Bob Ezrin er best kjend som plateprodusent, men bidreg også på keyboard når det trengs. Hjå med kan Ezrin sitt tangentspel høyraste på platene School’s Out og Billion Dollar Babies, som Alice Cooper slepte i 1972 og 1973. Ezrin er også kreditert for tangentspel og bass på den utskjelte, men sterkt undervurderte plata Music From The Elder, som Kiss slepte i 1981. I 1959 kom Per Hillestad til verda i bergsprekken Årdal. Perkusjonisten Hillestad er i mi platehylle kreditert for å hjelpe til på Vamp si debutstudioplate, God Morgen, Søster frå 1993, og på Bare Egil Band si fyrste studioplate Absolutt Ikke Bare Egil Band, som vart slept laus på eit platekjøpande publikum i 1996. Hillestad er også kreditert for halde takten på utvalde spor på samleplatene Absolutt Prima Vera (1994) og 21 Beste (Olav Stedje, 1998). I 1963 spelte Johnny Cash inn den framleis mykje radiospelte songen Ring Of Fire, som fekk plass på plata med same namn. Songen vart ein stor hit og kan også høyrast på dei fleste samleplater med Johnny Cash, mellom anna Love frå 2000. Den elles så griske familien, som styrer dødsbuet etter The Man In Black, har heldigvis nekta å la denne låta reklamere for hemorroidekrem. I 1966 vart Norman Jeffery Healey fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Jeff Healey mista synet etter at han fekk kreft som eittåring, men det hindra han ikkje i å utvikle glitrande teknikk på bluesgitaren. Healey var aktiv artist frå han var sytten til han døyde av kreft i 2008. Hjå meg høyrer du studioplata Hell To Pay frå 1990. I 1967 kom Vicente Amigo Girol til verda i andalusiske Guadelcanal. Flamencogitaristen Vicente Amigo sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Sacred Love, som sting slepte i 2003. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Darlington Arts Centre. I 1987 spelte Toy Dolls i Salle Monisoye i Besançon. I 1988 kunne Toy Dolls høyrast på Angered i Göteborg. I 1991 slepte Rod Stewart plata Vagabond Heart. I 1997 gav Queensryche ut plata Hear In The Now Frontier, ei plate som på grunn av flørtinga med den nye og utskjelte musikkstilen Grunge vart forbigått i tagnad av dei fleste av den mest trufaste fansenbasen, som bandet hadde brukt lang tid på å bygge opp. I 2003 slepte Linkin Park si andre studioplate, Meteora, som har seld i meir enn ti millionar eksemplar verda over. I 2006 døyde countryartisten Buck Owens.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar