14.03.2017

Fjortande mars

Fjortande mars 1949 kom Roger Powell til verda. Tangentmannen Powell samarbeidar gjerne med Todd Rundgren og spelar elles i Utopia. Powell sitt bidrag til mi platehylle finn du på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell frå 1977, samt på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som den same Meat Loaf slepte i 1984. I 1964 vart Per Øyvind Houmb fødd i Trondheim. Prepple Houmb er vokalist i DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1978 avslutta The Who innspelinga av Trick Of The Light, som skulle få plass på plata Who Are You, med sleppdato seinare same året. I 1985 spelte eit ungt og energisk Iron Maiden den fyrste av fire konsertar i Long Beach Arena, og vart med det fyrste band nokon sinne til å selje ut denne flotte vestkystarenaen fire kveldar på rad. I 1988 slepte Morrisey si solodebutplate Viva Hate. I 2005 gav elektronicabandet Daft Punk ut si tredje studioplate, Human After All, ei hending som samanfall med utgjevinga av Stereophonics si femte studioplate Language. Sex. Violence. Other?. I 2010 døyde Junior Collins

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar