10.03.2017

Tiande mars

Tiande mars 1938 vart Norman Blake fødd i Chattanooga i Tennessee. Musikaren Blake si merittliste tel eit utal av country- og bluegrasband opp gjennom åra og i mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Johnny Cash sine plater Orange Blossom Special frå 1965, America – A 200-Year Salute In Story And Song frå 1972, og American III: Solitary Man, som kom på marknaden i 2000. Blake er også kreditert for å spele på Bob Dylan si plate Nashville Skyline frå 1967, samt på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I 1948 kom Hans Rotmo til verda i Verdal. Rotmo spelar rolla som Kristian Schravlevold i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). Også Erik Stenstadvold kom til verda denne dagen. Stenstadvold er professor ved Norges Musikkhøgskole og spelar for det meste gitar. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar stengeinstrumentet lutt for Cornelis Vreeswijk på utvalde spor på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1955 kom Gary Louris til verda i Toledo i Ohio. Louris er best kjend for å spele i The Jayhawks og kan hjå meg høyrast på studioplata Tomorrow The Green Gras frå 1992. Hjå meg kan Louris også høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Soul Asylum på plata Grave Dancers Union frå 1992. I 1957 vart Graham Broad fødd i London. Trommisen Broad kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. På Broad sin fødselsdag tilstod Elvis Presley at (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Kresne amerikanarar aksepterte denne tilståinga godt nok til at det vart ein andreplass på platelistene, i England vart det tre veker på topp. I 1963 vart Jeffrey Allen Ament fødd i Havre i fjellstaten Montana. Bassisten Jeff Ament har vore med i grungepionerane Pearl Jam sidan starten i 1990 og kan hjå meg høyrast på to studioplater, debutplata Ten (1991), og Vitaology (1994). Ament var også med i tributebandet Temple Of The Dog, som gav ut ei sjølvtituelert plate i 1991. I 1964 kom Neneh Mariann Karlsson til verda i Stockholm. I mi platehylle står Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. Neneh Cherry kan også høyrast medan ho syng på songen Kids With Guns på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1966 vart Dave Krusen fødd i Tacoma i delstaten Washington. Krusen var originaltrommisen i Pearl Jam og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Ten frå 1991. I 1967 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata I Never Loved A Man The Way I Love You. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, med ulike versjonar av tittelsporet på kvar side av vinylskiva. Same dag vart Timothy Zachery Mosley fødd Norfolk i Virginia. Rapartisten Timbaland sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001. I 1976 kom Johan Wohlert fødd. Wohlert var bassist i Mew fram til 2006, akkurat lenge nok til vere med på plata And The Glass Handed Kites frå 2005, som er bandet sitt bidrag til mi platehylle. I 2014 vart det kjend at Wohlert var attende i bandet, gode nyhende. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ In The Free World, som revitaliserte karrieren hans og kan høyrast på plata Freedom frå 1989, i tillegg til mellom anna samleplata Greatest Hits. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte engelske Death In Vegas debutplata si, Dead Elvis, og verda vart aldri den same. I 1998 slepte Johnny Winter konsertplata Live In NYC ’97, ei konsertplate der Winter sitt trufaste publikum sjølv hadde fått velje låtutvalet. I 2005 døyde Danny Joe Brown. I 2009 slepte Chris Cornell si tredje soloplate, Scream.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar