15.03.2017

Femtande mars

Femtande mars 1931 vart Dominic Joseph Fontana fødd i Shreveport i Louisiana. Trommisen D.J. Fontana har gjort seg merkt som ein viktig del av Elvis Presley sin rytmeseksjon og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter «kongen» slepte i 2002. I 1932 kom Arif Mardin til verda i den tyrkiske storbyen Istanbul. Plateprodusenten Mardin kom frå ein mektig diplomatfamilie i heimlandet, men var fanga av den amerikanske populærkulturen. Han samarbeide med store namn som Bette Midler, Queen og The Bee Gees, i mi platehylle er han kreditert for strengearrangement på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, samt den same krediteringa på utvalde spor på same dame si samleplate The Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. Mardin døyde i 2006. I 1938 vart Charles Lloyd fødd i Memphis i Tennessee. Jazzmusikaren Lloyd kan i mi platehylle høyrast med fløytespel på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1940 kom Phillip Chapman Lesh til verda i Berkley i California. Bassisten Phil Lesh trakterte bassen for hippiebandet Grateful Dead i heile deira trettiårige karriere og kan i mi platesamling høyrast på den ganske så uautoriserte konsertplata ’64-Live, og på samarbeidsplata med kompisen Bob Dylan, Dylan & The Dead frå 1989. Lesh var også ein del av laget då ei anna hippielegende, David Crosby spelte inn si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1941 vart Michael Edward Love fødd i Los Angeles i California. Mike Love er syskenbarn til Wilson-brørne i The Beach Boys, der han sjølv stod for mykje av vokalen. Hjå meg kan Love høyrast på platene 15 Big Ones, Summer Dreams og Super Hits. I 1944 kom Ralph MacDonald til verda i Harlem i New York City. Percusjonisten MacDonald kan hjå meg høyrast på plater med to blad Simon, Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon, frå 1975, og på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986. MacDonald døyde i 2011. I 1947 vart Ryland Peter Cooder fødd i Los Angeles i California. Musikaren Ry Cooder er mannen som introduserte verda for den cubanske supergruppa Buena Vista Social Club. Karrieren hans omfattar elles ei rekkje soloplater og samarbeidsprosjekt med ei rekkje dugande musikarar. Hjå meg finn du plata Ry Cooder, som kom på marknaden for fyrste gong i 1970 og var mannen si debutplate, og samleplata River Rescue The Very Best Of Ry Cooder frå 1994. I tillegg kan Cooder sitt gitarspel nytast på Van Morrison si studioplate Into The Music frå 1979, samt samleplata Best Of Friends, som vart slept i 1998. I 1952 kom Howard Trafford til verda i Scunthorpe i engelske Lincolnshire. Howard Devoto var songar og frontmann i Buzzcocks og kan hjå meg høyrast på samleplata Singles Going Steady frå 1979. I 1955 kom David Daniel Snider til verda i Astoria i den amerikanske delstaten New York. Dee Snider har gjort størst suksess som vokalist i Twisted Sister, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live i Drammenshallen i mars 1986. Når eg i stille stunder kjenner for å gjennoppleve stemninga frå denne vårkvelden for ein liten mannsalder sidan, finn eg fram samleplata Big Hits And Nasty Cuts (1992), som byr på det meste av det beste av Twisted Sister sine sprell. I 1959 kom Steven W. Marker til verda i Minneapolis i Minnesota. Gitaristen Steve Marker er best kjend for arbeidet han har gjort i bandet Garbage, som har to solide plater i mi platehylle, Garbage (1995) og Version 2.0 frå 1998. I 1963 vart Nellee Hooper fødd i engelske Bristol. Plateprodusenten Hooper har band som Smashing Pumpkins og U2 på samvitet, hjå meg kan han høyrast medan han spelar diverse slaginstrument for Neneh Cherry på studioplata Raw Like Sushi (1989) og Bjørk på Debut (1993). I 1977 slepte The Band plata Islands, bandet si siste plate med originalbesetningen ombord. I cowboy-byen Dallas i skytegale Texas vart Joseph Hahn fødd. DJen Joe Hahn spelar i Linkin Park og hjå meg kan han høyrast på studioplata Meteora, og konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. I 1980 var Toy Dolls enno ein gong på plass for å spele i Labour Club i Hordon. I 1985 bydde denne datoen på konsert med Iron Maiden i Long Beach Arena, den andre av fire. I 1995 bydde dagen på plateslepp frå Trick Babys og produktet hadde namnet Player, og svenske Kent platedebuterte med eit produkt som hadde den spanande tittelen Kent. I 1999 nytta Blur høvet til å gje ut plata 13, som var bandet sitt sjette studioalbum. I 2005 kom Kent si sjette studioplate Du Och Jag Döden. I 2011 døyde Nate Dogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar