27.03.2017

Tjuesjuande mars

Tjuesjuande mars 1942 kom Wili Jönsson til verda på Amager i København. Bassisten Jönsson er best kjend for tida han spelte i Gasolin’, og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst utruleg godt med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. Hjå meg kan Jönsson sitt glitrande basspel høyrast på studioplatene Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), som er samla på ei plate, Gasolin’ 3 (1973), Gasolin’ 4 (1974), som også er samla på ei plate, Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til konsertplata Live Sådan (1976) og samleplatene Rabalderstrædet Forever (1991) og Live Derudaf Forever (1993). I 1946 vart Andrew Steven Bown fødd i London. Tangentmannen Andy Bown har ei fortid saman med Peter Frampton i The Heard og gjeve ut ei rekkje soloalbum, han har også spelt keyboard i Status Quo på meir eller mindre permanent basis sidan 1973 og kan i mi platesamling høyrast som fullverdig medlem på Status Quo si studioplate Rock ’Til You Drop frå 1991, og konsertplata Live Alive Quo frå 1992, i tillegg til at han spelar på dei fleste spora på samleplatene 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1947 kom Geoffrey Beadle til verda. Saksofonisten Bud Beadle spelar i dag i trommelegenda Ginger Baker’s Air Force, i mi platehylle er han kreditert for å spele på eitt spor på Lauryn Hill si studioplate The Misseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1950 kom Anthony George Banks til verda i engelske East Hoathly. Tony Banks var ein av grunnleggjarane av Genesis, der han for det meste spelte keyboard. Hjå meg høyres Banks på Genesis si studioplate We Can’t Dance frå 1991. I 1952 vart Bjørn Jensen fødd i nærleiken av trikotasjebygda Salhus. Jensen har karrikert frontfiguren Bertel’n for Vinskvetten sidan starten i 1975 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. Jensen er også kreditert som solist på eit spor på Ove Thue si fotballplate Vi Går Frem frå 1995. I 1957 kom William McArthur Mackenzie til verda i skotske Dundee. Billy Mackenzie er best kjend for å syngje i The Associates, hjå meg kan høyrast med vokal og bakgrunnsvokal på Yello sine studioplater One Second (1987), Flag (1988) og Baby (1991). Mackenzie døyde av ein overdose antidepresiva i 1997. I 1959 kom Andrew Charles Farriss til verda i Perth på den australske vestkysten. Saman med brørne Jon og Tim starta tangentmannen Andrew Farriss INXS i 1977, og har levd godt av det sidan. Hjå meg kan Farriss høyrast på studioplatene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I idylliske La Puente i California kom Brian Tristan til verda. Gitaristen Kid Congo Powers hoppa av The Gun Club og erstatta Bryan Gregory i The Cramps. Seinare arbeid har vore med Nick Cave & The Bad Seeds og The Fall. I mi platehylle kan Powers høyrast på The Cramps si samleplate Off The Bone, og konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1964 vart Erling Sande fødd i Haugesund. Perkusjonisten Sande sitt bidrag til mi platehylle finn du på Vamp si debutstudioplate God Morgen, Søster frå 1993. Sande slutta i bandet i 1995. I 1965 slepte Bob Dylan plata Bring It All Back Home, der Bruce Langhorne briljerte på gitar. I 1971 fekk den allsidige musikaren Dave Pegg ein son, også han med musikken som leveveg. I mi platehylle kan Matt Pegg sitt basspel høyrast på Jethro Tull si studioplate Catfish Rising frå 1991. I 1978 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 1996 døyde Howard Wyeth. I 2000 forlét ein av dei store syttitalsikona, bandleiaren Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv. I 2003 døyde Chris Michie. I 2006 døyde Pete Wells.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar