23.03.2017

Tjuetredje mars

Tjuetredje mars 1947 vart Raymond Chikapara Phiri fødd i Sør-Afrika. Gitaristen Ray Phiri sitt bidrag til mi platyhylle kan høyrast på Paul Simon si sjuande soloplate Graceland frå 1986, samt på Across The Borderline, som Willie Nelson slepte laus på trufaste platekjøparar i 1993. I 1949 kom Richard T. Otcasek til verda i Baltimore i Maryland. Under artistnamnet Ric Ocasek var han i perioden 1976 til 1988 leiar av The Cars, som hadde fleire storselgjande plater under hans leiarskap. Ocasek har sidan pleia ei mindre påakta solokarriere og er i dag ein mykje nytta produsent. Hjå meg kan Ocasek høyrast på studioplatene The Cars og Door To Door (1987), i tillegg til samleplata Greatest Hits, som kom på marknaden i 1985. Ocasek er også kreditert for diverse musikalske bidrag på platene Rock Steady (No Doubt) og Weezer – The Green Album, begge frå 2001. I 1950 kom Philip James Lanzon til verda. Tangentmannen Phil Lanzon har vore aktiv sidan midt på sekstitalet og CV’en visar at han har spela med artistar som Mick Ronson, Chris Spedding og Sweet. Lanzon har spela keyboard for Uriah Heep sidan 1986, noko som betyr at underteikna såg han i levande live på Maxime i Bergen i 1989, og i platesamlinga mi kan han høyrast på studioplata Raging Silence frå 1989. I 1951 vart Patrice Yvonne Holloway fødd i storbyen Los Angeles i California. Songerinna Patrice Holloway er best kjend for å syngje i ulike fjernssynsseriar, hjå meg kan røysta hennar høyrast på Buffalo Springfiels si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967) og på Neil Young si debutsoloplate Neil Young frå 1968. Holloway døyde i 2006. I 1960 kom Elvis Presley sin fyrste singel etter avtent militærteneste i Tyskland. Stuck On You nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer tre i den viktigaste marknaden på denne sida av blåmyra, England. Eit år seinare, i 1961, var same Elvis Presley i studio og gav evig liv til Can’t Help Falling In Love. Musikken var ved The Jordanairs. I 1968 kom den engelske songaren Damon Albarn til verda i Whitechapel. Økobonden Albarn har gjort seg merkt som songar i det ein gong så populære britpop-bandet Blur, som har fått så mykje som seks titlar, Leisure (1991), Modern Life Is Rubish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997), 13 (1999), på plass i mi samling. Albarn er også ein av mennene bak det virtuelle bandet Gorillaz og kan høyrast medan han syng, spelar gitar og trakterar keyboard på plata Demon Dayz frå 2005, Albarn er også kreditert for pianospel på The Pretenders si akustiske konsertplate The Isle Of View frå 1995. I 1971 vart Abraham Laboriel jr. fødd i Los Angeles i California. Trommisen Abe Laboriel jr. er son av bassisten Abraham Laboriel og kan i mi platehylle høyarst på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I 1973 slepte Pink Floyd megasuksessen Dark Side Of The Moon, som herja platelistene verda over i nesten ein generasjon etter, og framleis skal vere den plata som har lege lengst samanhengande på den prestisjetunge platelista Billboard 200. I 1988 var dette datoen Toy Dolls kunne opplevast på Underground i svenske Vaxlo. I 1989 slepte Ramones si ellevte studioplate, Brain Drain. I 1990 bydde denne dagen på plateutgjeving frå ZZ Top og namnet på den nye babyen var Recycler. I 1993 slepte Willie Nelson plata Across The Borderline. I 2009 døyde dirrigenten og filolinsten Gene Orloff.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar