29.01.2017

Tjueniande januar

Tjueniande januar 1944 vart Steve Reid fødd i The Bronx i New York City. Trommeslagaren Reid har ei fortid som fast musikar for det legendariske plateselskapet Motown, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Miles Davis på studioplata Tutu frå 1986. Reid døyde i 2010. I 1947 kom David Garrick til verda i Epping i Essex. Vokalisten David Byron hadde ei fortid som mannen med mikrofonen i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Hjå meg kan Byron høyrast på studioplatene Very ‘Eavy, Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1971), Demons & Wizzards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Byron levde rockemyten til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985. I 1949 vart Thomas Erderlyi fødd ved Donau sine bredder i den ungarske hovudstaden Budapest. Tommy Ramone er kjent som den originale trommeslagaren i Ramones og var den lengstlevande originalmedlemmen av dei skinnkledde. Hjå meg kan Ramone høyrast på platene Leave Home (1977), End Of The Century (1980), Pleasant Dreams (1981) og samleplata Ramones Mania (The Best Of 1976-1988) frå 1988. Ramone døyde i 2014. I 1953 kom Louie Pérez til verda i Los Angeles i California. Pérez er ein av grunnleggjarane av Los Lobos, arbeidet hans hjå moderbandet er enno ikkje på plass i mi hylle, hjå meg kan han høyrast medan han spelar trommer for Paul Simon på studioplata Graceland frå 1986, og medan han syng bakgrunnsvokal på Tish Hinojosa si plate Homeland, som kom på marknaden i 1989. I preriebyen Tulsa i Oklahoma vart Charles Kent Wilson fødd. Charlie Wilson kan i mi platehylle høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for duoen Eurytmics på studioplata We Two Are One frå 1989, og medan han står for rap på Snoop Dog si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002. I 1954 kom Richard Blum til verda i Bronx i New York City. Handsome Dick Manitoba er The Dictators sitt hemmelege våpen og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1956 vart Amy Paulette Stewart fødd i Washington D.C. Songerinna Amii Stewart leverte fleire smekrande discohits på syttitalet, best kjend er nok hennar versjon av den gamle blues-standarden Knock On Wood. Hjå meg kan Stewart høyrast på plata Pearls Amii Stewart Sings Ennio Morricone, ei samling der Stewart syng filmmusikk, og som kom på marknaden i 1990. I 1960 kom David Samuel Pilch til verda i kanadiske Toronto. Bassisten og trommeslagaren David Pilch er best kjend for å spele i ulike jazz-konstelasjonar. Hjå meg kan basstonane hans nytast på studioplatene All You Can Eat (1995) og Watershed (2008), begge utgjeve av k.d. Lang. I 1961 vart Eddie Jackson fødd i Robstown i skytegale Texas. Bassisten Jackson var ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platesamling høyrast på bandet si debutplate The Warning (1984), i tillegg til studioplatene Empire (1990), og Hear In The New Frontier frå 1997. I 1966 var Johnny Cash på plass i studio og spela inn songen Joe Bean, som fekk plass på plata Everybody Loves A Nut, og i mi platehylle kan høyrast på samleplata Murder frå 2000. Cash spela også inn The Sound Of Laughter som ikkje vart ikkje offisielt utgjeven den gongen, men også den kan i dag høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1985 gav Yello ut si fjerde studioplate, Stella, som inneheld singelen Oh, Yeah, kjend frå den amerikanske filmen som fekk norsk tittel Skulk Med Stil og kom på kino i 1986. I 1991 slepte Jesus Jones si andre studioplate, Doubt. I 2002 spelte The Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson i Royal Festival Hall i London på denne datoen. I 2008 gav supergruppa The Mars Volta ut plata The Bedlam In Goliath, som var bandet si fjerde studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar