01.01.2017

Fyrste januar

Det er klart for enno eit nytt år, me stormar etter kvart inn i 2016, vonleg med mange finurlege overraskingar i vente for alle oss som er meir enn gjennomsnittleg glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til den tradisjonelle nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I etterkrigsåret 1919 vart musikkåret innleia med at Alfred McKibbon kom til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Al McKibbon kom frå ein musikalsk familie og heldt seg i livet som profesjonell bassist. Hjå meg kan McKibbon høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis slepte i 1957. McKibbon døyde i 2005. I 1931 kom Bobbie Lee Nelson til verda i Abbot i skytegale Texas. Bobbie Nelson er systera til country outlaw-legenda Willie Nelson og kan i mi platehylle høyrast medan ho spelar piano og orgel på vetlebroren si studioplate Accross The Borderline frå 1993. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i forblåste Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, gitarspelet hans kan nytast. Ripley er også kreditert for å spele på utvalde spor på Bob Dylan si triple samleplate The Bootleg Series Vol. 1-3 frå 1991. I London vart Stephen Morgan Fisher fødd. Tangentmanen Morgan Fisher kan i mi platesamling høyrast på Mott The Hoople si sjuande studioplate The Hoople frå 1974. I 1979 kom Bree Johanna Alice Robinson til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Punkartisten Brody Dalle kan i mi platehylle høyrast med hjelpevokal på songen You Got a Killer Scene There, Man... på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate Lullabies To Paralyze frå 2005. I 2009 slepte Walkenhorst & Porter plata No Abandon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar