28.01.2017

Tjueåttande januar

Tjueåttande januar 1945 kom Robert Wyatt-Ellidge til verda i den engelske universitetsbyen Bristol. Soft Machine-legenda Robert Wyatt vert rekna som ein av sin generasjon sin mest innflytelsesrike musikarar og har gjeve ut ei rekkje plater. Mi platehylle byr på mannen si ellevte studioplate, Comicopera, som inneheld ein versjon av Anja Garbarek-songen Stay Tuned og kom på marknaden i 2007. I 1949 vart Eddie Bayers fødd i Pautaxant i Maryland. Etter eit omflakkande tilvære som son av ein yrkesoffiser, slo Bayers seg etter kvart ned i Nashville i Tennessee. I countryhovudstaden plukka unge Bayers etter kvart opp trommestikkene, eit val som resulterte i at han er kåra til årets trommeslagar i diverse country-forum gjentekne gonger. I mi platehylle kan Bayers sitt trommespel høyrast på plata The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte i 1991, samt på utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits, som kom på marknaden fyrste gongen i 1982. I 1963 vart gitaristen Dan Spitz fødd i Rockland County i New York. Spitz trakterte gitaren i Anthrax i to periodar, frå 1983 til 1995 og frå 2005 til 2007. I mi platehylle kan Spitz sitt hastige gitarspel høyrast på Anthrax sine studioplater State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time frå 1990, samt på utvalde spor på samleplata Return Of The Killer A’s, som kom på marknaden i 1999. I 1972 kom Nils Petter Time til verda. Gitaristen Time var ein av grunnleggjane av Postgirobygget og kan i mi platehylle høyrast på plata Melis frå 1996. I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn Ragged Old Flag til bruk på plata med same namn. I 1977 viste den tyske fjernsynskanalen ARD eit opptak av AC/DC gjort i Circus Krone i München september året før. DVD-en Plug Me In byr på eit opptak frå denne kvelden. I 1982 kom Toy Dolls til Smuglers Arm i Stanley. I 2002 spelte Brian Wilson i Royal Festival Hall i London. I 2003 oppsummerte Faith No More karrieren sin med samleplata This Is It: The Best Of Faith No More. I 2004 døyde Mel Pritchard. I 2009 døyde Billy Powell. I 2016 døyde Paul Kantner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar