21.01.2017

Tjuefyrste januar

Tjuefyrste januar 1924 kom Alfred Hawtorn Hill til verda i byen som var heimehamn for Titanic, engelske Southampton. Komikaren Benny Hill er kjend for å ha sitt eige fjernsynsshow samanhengande over ein periode på over førti år. Showet hadde mykje bra bakgrunnsmusikk og det beste er samla på plata som fyller opp mi platehylle, Benny Hill Sings. Benny Hill døyde i 1992. I 1944 vart Charles Christopher Britton fødd i engelske Watford. Gitaristen Chris Britton er i dag einaste originalmedlemmen att i The Troggs og i mi platesamling kan han høyrast på den uoffisielle samleplata Wild Thing, oppkalla etter bandet sin største slagar. I 1945 kom Pete Derek Kircher til verda i engelske Folkestone. Trommisen Pete Kircher heldt boogie-takten i Status Quo frå 1982 til 1985 og kan mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 12 Gold Bars II frå 1984. I 1949 var trompetlegenda Miles Davis i studio New York City, og der spelte han inn songane Move, Jeru, Budo og Godchild. Med seg på denne legendariske sesjonen hadde Davis eit stjernelag beståande av Kai Winding på trombone, Junior Collins på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz brillerte på altsaksofon, Gerry Mulligan var mannen på barytonsaksofon, Al Haig trakterte tangentane, Joe Shulman spelte bass og Max Roach heldt takten. Desse innspelingane kan nytast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1956 kom Steve Riley til verda i Revere i konservative Massachusetts. Trommeslagaren Riley spelte i W.A.S.P frå 1984 til 1987, lenge nok til å vere kreditert for to studioplater og ei konsertplate. Hjå meg kan Riley høyrast på samleplata First Blod. Last Cuts frå 1994. I 1970 slepte Aretha Franklin singelen Call Me, komponist og tekstforfattar var souldronninga i eigen person. I 1972 vart Charlene Keys fødd i Rochester i New York. Songarinna Tweet sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002. I 1975 var dette fyrste dag i studio for Joan Baez med band. Resultatet enda opp som plata Diamonds And Rust, som kom seinare same år og vert rekna som ei av Baez sine betre plater. I 1983 var Legions Club i Amble vertskap for Toy Dolls. I 1977 kom Frank Negrón til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Salsasongaren Frankie Negrón er av puerto-ricansk opphav og passa perfekt inn i Paul Simon sitt bilete av kven som kunne synge på hans musikalplate Songs From The Capeman, som kom på marknaden i 1997. I 1984 vart popartisten Zoey fødd i Japan. Zoey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gwen Stefani si plate Love Angel Music Baby frå 2004. Toy Dolls var attende i heimlandet etter eit utanlandsopphald og spelte på Carlisle City Hall. I 1999 døyde Charles Brown.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar