22.01.2017

Tjueandre januar

Tjueandre januar 1924 vart James Louis Johnson fødd i Indianapolis i Indiana. Trombonisten J. J. Johnson sin CV inneheld spel med orkestarleiarar som Count Bassie og Charlie Parker. I mi platesamling kan J.J. Johnson høyrast medan han spelar trombone for Miles Davis på plata Birth Of The Cool, som kom på marknaden i 1957, i tillegg til Billie Holiday si studioplate Lady In Satin frå 1958. Johnson døyde i 2001. I 1940 kom Eberhart Weber til verda i tyske Stuttgart. Bassisten Weber sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1943 kom Michal Urbaniak til verda i den polske hovudstaden Warszawa. Jazzmusikaren Urbaniak har fått mykje av æra for utviklinga av det som vert kalla Fuzion Jazz og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. I 1949 vart Stephen Ray Perry fødd i Hanford i California. Steve Perry var vokalist i Journey i dei to mest suksessrike periodane deira, og hjå meg kan du høyre røysta hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1951 vart Ben Mink fødd i den kanandiske storbyen Toronto. Muskaren Mink kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar og diverse andre strengeinstrument for k.d. Lang på studioplatene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008, og på Angel With A Lariat, som den same k.d. Lang slepte saman med bandet The Recliners så tidleg som i 1987. I 1959 vart Bruce Moreland fødd i West Covina i California. Bassisten kjend som Ravens Moreland spelte saman med broren Marc i bandet Wall Of Voodoo og kan i mi platehylle høyrast på plata Happy Planet frå 1987. I 1960 kom Lars Fredrik Beckstrøm til verda. Lars Beckstrøm er best kjend for å spele bass i de Lillos, men har også ei eiga karriere under eige namn og i Lars Beckstrøm Kvartett. I mi platehylle finn du Beckstrøm sitt arbeid på de Lillos-platene Suser Avgårde (1986), Før Var Det Morsomt Med Sne (1987), Hjernen Er Alene (1989), Svett Smil (1990), Varme Mennesker (1991), Neste Sommar (1993) og Kast Alle Papirene frå 1999. I tillegg finn du studioplata Lykkens Kalosjer, eit soloprosjekt som Beckstrøm gav ut under eige namn i 1997. I den australske storbyen Sydney kom Michael Kelland John Hutchence til verda. Michael Hutchence var vokalist i det australske bandet INXS i ein tjueårsperiode fram til han døyde for eiga hand i 1997. Hjå meg kan Hutchence høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are frå 1992. I St. Andrews i Scotland vart Iain Bayne fødd. Trommisen Bayne tenar til dagleg til livets opphald i Runrig og kan i mi platehylle høyrast i taktfaste drag på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime (1988). I 1965 vart Michael Coletti fødd i Cleveland i Ohio. Trommeslagaren Steven Adler fekk sparken i Guns ‘N Roses på grunn av heroinavhengigheita si, men i mi platehylle kan han likevel høyrast på bandet sine to fyrste plater, Appetite For Destruction (1987) og Lies frå 1988. Adler er også kreditert for tromming på eit av spora, Civil War, på Use Your Illution II frå 1991. I 1968 kom Aretha Franklin si plate Aretha: Lady Soul. I 1969 vart Elvis Presley sin versjon av Suspicious Minds spela inn. I 1976 vart Sivert Høyem fødd på hurtigrutestoppet Sortland. Songaren Høyem slo gjennom med bandet Madrugada i 1999 og fem av bandet sine plater er med å høyne kvaliteten på mi platesamling. I 1980 la Madness seg fint til å tredjeplass på singellista med My Girl. I 1985 var turen endeleg komen for å kunne oppleve Toy Dolls i ølbyen München, det hendte på Alabamahalle. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Wilson Theatre i rosinbyen Fresno. I 1993 døyde Helno Rota. I 1997 døyde Billy Mackenzie og The Cranberries slepte singelen When You’re Gone.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar