07.01.2017

Sjuande januar

Sjuande januar 1953 vart Earl Lindo fødd i Kingston på reggeaøya Jamaica. Tangentmannen Lindo slo seg saman med Bob Marley & The Wailers i 1972 og hjå meg kan han høyrast på den storsellgjande samleplata Legend, som kom på marknaden i 1984, i tillegg til utvalde spor på samleplata His 24 Greatest Hits frå 1998. Lindo sitt arbeid kan også høyrast på utvalde spor på samleplatenen The Toughest (1998), og The Best Of Peter Tosh (1999), begge posthume utgjevingar frå Peter Tosh sitt dødsbu. I 1958 fekk ein for fyrste gong høyre Elvis Presley seie Don’t og amerikanarane kjøpte bodskapen nok til at det vart fem veker på fyrsteplass på listene. Reserverte engelskmenn meinte at ein tredjeplass fekk halde. I 1984 var dette datoen då Toy Dolls spelte den fyrste utanlandskonserten sin, det hendte på Lingerie Club i blaserte Hollywood, California. I 1987 avslutta Iron Maiden juleferien og innleia Nord-amerikadelen av Somewhere On Tour. Syttitre konsertar over det nordamerikanske kontinentet venta dei hardtarbeidande britane og det er all grunn til å tru at publikum var fornøgde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar