12.04.2016

Tolvte april

Tolvte april 1940 kom Herbert Jeffrey Hancock til verda i bluesbyen Chicago i Illinois. Jazzpianisten Herbie Hancock var ein del av Miles Davis sin andre kvartett og kan i mi platesamling høyrast på fusionplata In A Silent Way frå 1969, samt samleplata Water Babies frå 1976. Hancock er også kreditert for å spele på Wayne Shorter si plate Adams Apple frå 1966. I 1944 vart Joachim Fritz Krauledat fødd i Tilsit i det som den gongen var Tyskland og som i dag er ein del av Russland. Krauledat var utvilsamt Born To Be Wild, noko som gjer at gjorde unge Krauledat seinare gjorde seg kjend under namnet John Kay og tente til livets opphald som songar i sekstitalsikonbandet Steppenwolf. Hjå meg kan John Kay si røyst høyrast på steppeulvane si debutplate Steppenwolf frå 1968. I 1951 kom Jackson Spires til verda i Raleigh i North Carolina. I mi platehylle er trommisen Thunderfoot Spires å høyre på Blackfoot-platene Marauder (1981) og Highwaysong, sistnemnde er ei konsertplate som fangar stemninga frå bandet sin Englandsturné i 1982. Spires døyde i 2005. I 1952 vart John Sinclair fødd i London. Tangentmannen Sinclair sitt bidrag til mi platehylle finn du på Uriah Heep si plate Abiminog (1982), i tillegg til to av Ozzy Osbourne sine studioplater, No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991), i tillegg til Ep’en Just Say Ozzy frå 1990. Sinclair er også kreditert for tangentspel på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991. I 1953 kom Tony James til verda i London. James sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sigue Sigue Sputnik si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1956 vart Arild Stav fødd. Saksofonisten Stav livnærar seg som studiomusikar og har meir enn tre hundre studioinnspelingar på samvitet. Hjå meg kan Stav høyrast på utvalde spor på samleplatene Absolute Prima Vera, som kom på marknaden i 1994, og på Trond-Viggos Beste, som var Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til populærlkulturen i 1998. I 1957 vart Vincent Grant Gill fødd i Norman i kvegstaten Oklahoma. Grammy-grossisten og multiinstrumentalisten Vince Gill sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1958 vart Will Sergeant fødd i nærleiken av den engelske hamnebyen Liverpool. Gitaristen Sergeant er den einaste av Ecco And The Bunnymen sine grunnleggjarar som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan han høyrast på samleplata Ballyhoo: The Best Of Ecco And The Bunnymen frå 1997. I 1965 vart Sean Welch fødd i engelske Enfield. Bassisten Welch spelte tidlegare i bandet The Beautiful South og kan hjå meg høyrast på studioplatene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000. I 1966 kom Douglas Grean til verda i Portchester i New York. Plateprodusenten Grean har skrudd lyd for Sheryl Crow og Stone Temple Pilots, i mi platehylle er han kreditert for å traktere trangentar på utvalde spor på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004. I 1969 var Janis Joplin i Frankfurt i Tyskland for å spele inn Raise Your Hands. Musikken var ved Kozmic Blues Band. I 1971 døyde Wynton Kelly. Samstundes fullførde The Who innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5., 18. - 19.) same året. I 1975 slepte Bob Seger plata Beautiful Loser. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Live Bullet. I 1978 vart Guy Rupert Berryman fødd i skotske Kirkcaldy. Guy Berryman er bassist i Coldplay og hjå meg høyrer du han på plata X&Y frå 2005. I 1984 slepte Rush plata Grace Under Pressure. Dette var bandet si tiande studioplate. I 1995 døyde Chris Pyne. I 2012 døyde Andrew Love.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar