14.04.2016

Fjortande april

Fjortande april 1932 vart Loretta Webb fødd i Butcher Hollow i gruvestaten Kentucky. Songarinna og filantropen Loretta Lynn gifta seg som trettanåring og vart mor året etter, ein hektisk start på livet med andre ord. Som vaksen lærte Lynn seg å spele gitar og har levert fleire nummer ein hits, inkludert signaturlåta The Coal Miners Daughter. Hjå meg kan du høyre Lynn på studioplata Making Love From Memory frå 1982. I 1945 kom Richard Hugh Blackmore til verda i engelske Weston-super-mare. Den lunefulle gitaristen Richie Blackmore var ein av originalmedlemmane i den engelske tungrockgruppa Deep Purple, men forlét seinare gruppa for å starte sitt eige prosjekt, Richie Blackmore’s Rainbow, der han samarbeidde med den amerikanske songaren Ronnie James Dio. I mi platehylle finn du Blackmore sitt gitarspel på Deep Purple-platene Machine Head frå 1972, Burn (1974) og Power House frå 1977, i tillegg til Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. I 1948 vart Keith Baker fødd i engelske Birmingham. Trommisen Baker kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Uriah Heep på songen Bird Of Pray på bandet si debutplate Very ’eavy…Very ’umble frå 1970. Baker erstatta Nigel Olsson permanent på plata Salisbury som kom ut året etter, og kan sjølvsagt også høyrast på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. I 1960 kom Danny Bowes til verda i London. Bowes var vokalist i Thunder og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate, Laughing On Judgement Day, frå 1992. I 1951 kom Alf Magne Grinde til verda i Norge. Trommisen Cliffie Grinde heldt i gamle dagar takten for Vamp og kan i mi platehylle høyrast på plata Flua På Veggen frå 1998. I 1962 vart Marc Quiñones fødd i Bronx i New York City. Quiñones er perkusjonist og har mellom anna ei fortid i det islandske jazzbandet Spyro Gyra, og spelte med The Allman Brothers Band i tida frå 1991 til 2014. Hjå meg kan Quiñones høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band frå 1992, samt musikalplata Song From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997. I 1963 kom Gregory Page til verda i London. Hjå meg høyrer du Page sitt arbeid på The Rugburn si plate Mommy I’m Sorry frå 1995. I 1967 kom Barrett Martin til verda i Seattle i Washington. Perkusjonisten Martin er best kjend som ein av grunnleggjarane av Screaming Threes, hjå meg kan Martin sitt bidrag høyrast på R.E.M. si plate Up frå 1998, og på Tuatara si andre studioplate Trading With The Enemy, også den frå 1998. I 1968 vart Allan Carl Newman fødd i den kanadiske olympiabyen Vancouver. Carl Newman er ein av grunnleggarane av den kanadiske gruppa The New Pornographers og kan i mi platesamling nytast på studioplata Elctric Version frå 2003. I 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin mest sosialt engasjerte song nokon sinne. Songen om guten frå Chicagoslummen, In The Ghetto, fekk ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i heimlandet. I 1974 kom Shawntae Harris til verda i Chicago i Illinois. Rapartisten Da Brat sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001. I 1980 bydde denne dagen på sleppdato for Iron Maiden si sjølvtitulerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember året før og produsent for verket var Will Malone. Dette vart nok overskygga av at dei britiske metallkollegaene i Judas Priest gav ut det legendariske metallalbumet British Steel, som var med å definere metallmusikk dei neste tretti åra. I 1988 gav Soul Asylum ut EP-en Clam Dip & Other Delights som på fleire måtar parodierte den gamle orkesterleiaren Herb Alpert, mannen bak Tijuana Brazz. I 1993 vart Graham David Phillips fødd i Laguna Beach i California. Skodespelaren Graham Phillips er mannen bak gutesopranorøysta på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 2009 slepte den alternative mann-og-kone-duoen The Handsome Family si åttande plate. Innspelinga av Honney Moon markerar tjue års ekteskap og er spela inn i heimestudioet i garasjen i Alberquerque i New Mexico. I 2015 døyde Percy Sledge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar