23.04.2016

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i skytegale Texas. Mystiske Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Falsettsyngjande Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1960 vart James Robert Talbot fødd i London. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. Talbot er også kreditert for glitrande saksofonspel på Teenage Fanclub si studioplate Songs From Northern Britain frå 1997, og på to spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersey. Gitaristen John McBain sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Hater si sjølvtitulerte debutplate frå 1993. I 1971 kom Viggo Krüger til verda. Gitaristen Krüger er medlem av bandet Pogo Pops og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på bandet sine to fyrste soloplater Pop Trip (1992) og Crash (1993). I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dette dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på dei engelske platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1990 platedebuterte Inspiral Carpets med Life. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans i Louisana. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren. I 1993 spelte Dream Theater på legendariske Marquee Club i London. For oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades på konserten, vart det gjort opptak som kan høyrast på konsertplata Live At The Marquee, som kom på marknaden seinare same året. I 2002 slepte Wilco si fjerde studioplate Yankee Hotel Foxtrot. I 2012 døyde Tommy Marth og Chris Ethridge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar