21.04.2016

Tjuefyrste april

Tjuefyrste april 1941 vart Alfred Ellis fødd i Bradenton i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Pee Wee Ellis var eit viktig medlem av James Brown sitt band på sekstitalet og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på samleplata Godfather Of Soul frå 1998. Hjå meg er Ellis også kreditert for å blåse i saksofonen på Van Morrison sine studioplater Into The Music (1979) og Back On Top (1999), og på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone (1998). Ellis spelar også på Chris Isaak si Wicked Games frå 1991, og er i tillegg kreditert for å spele horn på eit spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1943 kom Dennis Eugene McCrohan til verda i Oshawa i Canada. Kjent under artistnamna Denis Edmonton og Mars Bonfire er McCrohan best kjend for å ha skrive det som vert rekna som den fyrste ekte hardrocklåten, Born To Be Wild, som vart ein kjempehit for gruppa Steppenwolf etter at han vart nytta som filmmusikk i kultfilmen Easy Rider. I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i Muskegon, ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga. I 1955 vart David Van Thieghem fødd i Washington D.C., eit av dei områda i verda med mest makt per kvadratkilometer. Musikaren, komponisten og produsenten Van Thieghem er hjå meg kreditert for å spele perkusjon på utvalde spor på Talking Heads si samleplate Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads frå 1982. I 1958 vart Michael Barson fødd i den skotske hovudstaden Edinbourgh. Tangentmannen Mike Barson var ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits, som kom på marknaden i 1998. I 1959 vart Robert James Smith fødd i den engelske tivolibyen Blackpool. Robert Smith er, sidan byrjinga i 1976, den einaste permanente medlemmen i bandet The Cure, der han, i tillegg til vokaljobben, har tent som låtskrivar, gitarist, bassist og tangentmann. The Cure- samlinga mi inneheld, så langt, studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987), Disintegration (1989) og Wild Mood Swings (1996), i tillegg til samleplata Greatest Hits. Smith har også vore innom ein annan kjenning frå mi platesamling, Siouxsie & The Banshees, men er ikkje med på plata Tinderbox, som bandet slepte på denne dagen i 1986. I 1960 kom John Maher til verda i den engelske industribyen Manchester. Trommisen Maher sitt takfaste bidrag til mi platesamling finn du på Buzzcocks si samleplate Singles Going Steady frå 1979. I 1961 vart Øystein Hegge fødd i Trondheim. Hegge slo gjennom i bandet Tre Små Kinesere og kan i mi platehylle høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1986 slepte Siouxsie & The Banshees si sjuande studioplate, Tinderbox, ei plate som vart spela inn i den delte byen Berlin. I 1992 gav Beastie Boys ut plata Chech Your Head. I 1998 slepte Alannah Myles plata Arrival. I 2001 kom Stereophonics si tredje studioplate, Just Enough Education To Perform, på marknaden. I 2003 døyde Nina Simone. I 2008 gav The Batallion ut det som var deira fyrste full lengde studioplate, Stronghold Of Men. I 2010 døyde trubaduren og forfattaren Gustav Lorentzen av hjartestans under eit orienteringsløp. Lorentzen gav sidan 1970 ut elleve plater med duoen Knudtsen og Ludvigsen i samarbeid med Øystein Dolmen. Han har også skrive ei rekkje bøker, både for barn og vaksne. I mi platehylle står enno berre plata Juba Juba, fleire er på blokka. I 2016 døyde Prince.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar