22.04.2016

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh i Pennyslvania. Bassisten Paul Chambers, som voks opp i den ein gong så stolte bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959, og Someday My Prince Will Come, som kom på marknaden i 1961. Chambers døyde i 1969. I Saltillo i Tennessee vart W.S. Holland fødd. Trommisen W.S. Holland spelte fast for Johnny Cash i meir enn førti år og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og Johnny Cash Children’s Album (1975), konsertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), i tillegg til songen Girl From North County som var ein duett Johnny Cash song med Bob Dylan og som kom med på sistnemnde si plate Nashville Skyline frå 1967. I 1936 vart Glen Travis Campbell fødd i Delight i Arkansas. Glen Campbell har livnært seg som skodespelar og programleiar på fjernsyn, men er best kjend som countrypopmusikar med slagarar som Rhinestone Cowboy. Hjå meg finn du Campbell sitt arbeid på ei samleplate som har teke namnet etter den best kjende songen hans, Rhinestone Cowboy, i tillegg til at han er kreditert for å yte vokalhjelp for Johnny Cash på utvalde spor på samleplata Unearthed frå 2003. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago i Illinois. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Buffalo Springfield-veteranen Neil Young sine soloplater Neil Young (1968) og Tonight’s The Night (1975), i tillegg til utvalde spor på samleplata Greatest Hits frå 2004. Nitzsche døyde i 2000. I 1944 kom Howard Pyle Wyeth til verda i Jersey City i New Jersey. Trommisen Howie Wyeth vart fødd inn i ein etablert kunstnarfamilie og fekk æra av å spela med gitarguruen Link Wray før han fekk fast plass på trommestolen i Bob Dylan sin Rolling Thunder Revue. I mi platehylle kan Wyeth sitt stødige trommespel høyrast på Bob Dylan sine plater Desire og Hard Rain, begge frå 1976, samt på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3 (1991). Wyeth døyde av hjarteinfarkt i 1996. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 vart Jesse Willard Carr fødd i motorsporthovudstaden Daytona Beach i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Pete Carr har vore tett knytt til Muscle Shoals Rhythm Section og har spelt med eit utal av store namn innom musikkindustrien. Hjå meg kan Carr sitt arbeid høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), Against The Wind (1980) og The Distance (1991). I 1951 kom Paul Melvyn Carrack til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Multiinstrumentalisten Paul Carrack har vore innom fleire storselgjande britiske band og i mi platehylle finn du arbeidet hans på plata Word Of Mouth, som Mike + The Mechanics slepte i 1991, i tillegg til utvalde spor på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. Hjå meg høyrer du Evil D på plata Domination frå 1995. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om nakenbilete av Lily og tilhøyrande masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene. I 1973 vart Brian Aubrey Marshall fødd i Fort Walton Beach i pensjoniststaten Florida. Bassisten Brian Marshall spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 2005 døyde Arnie Lawrence.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar