19.04.2016

Nittande april

Nittande april 1942 kom Edwin H. Kramer til verda i den strategisk plasserte sørafrikanske hamnebyen Cape Town. Musikkprodusenten Eddie Kramer har samarbeidd med praktisk talt alle dei store innom den rocka delen av populærmusikken og er i tillegg ein fotograf av verdsformat. I mi platehylle er Kramer kreditert for pianospel på eitt spor på Kiss si studioplate Love Gun frå 1977, ei plate Kramer sjølvsagt også produserte, i tillegg til at han spelte perkusjon på Mott The Hoople si studioplate Shouting And Pointing, som kom på marknaden i 1976. I 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling så langt. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse innspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town. I Long Branch i New Jersey vart George Bernard Worrell Jr fødd. Bernie Worrell er best kjend for å spele i Funcadelic, hjå meg kan han høyrast medan han yt hjelp med tangentspel på Talking Heads si konsertplate Stop Making Sense frå 1984, og han er i tillegg kreditert som gjest på Jon Spencer Blues Explotion si plate Plastic Fang frå 2002. Worrell sitt tangentspel kan også høyrast på utvalde spor på samleplatene Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (1982) og Greatest Hits (George Clinton, 2000). I 1950 kom Earl Wesley Gardner Jr. til verda i New York City. Trompetisten Earl Gardner har spela fast i orkesteret i komishowet Saturday Night Live sidan 1985, i mi platehylle er han kreditert for å spele på Paul Simon si studioplate Graceland (1986), og for David Bowie på plata Never Let Med Down frå 1987, i tillegg til utvalde spor på samleplata Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads, som Talking Heads slepte laus på platekjøparane fyrste gong i 1982. I 1954 kom Robert Jens Rock til verda i kanadiske Winnipeg. Produsenten Bob Rock har ei merittliste så lang som eit vondt år, men er best kjend for arbeidet han gjorde med Metallica frå 1990 til 2006. Hjå meg kan Rock høyrast medan han spelar bass på Metallica si plate St. Anger frå 2003. I 1955 vart Andy Shernoff fødd i Queens i New York City. Shernoff var bassist i bandet The Dictators og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1957 kom Anthony Martin Harford til verda i Birmingham. Songaren Tony Martin gjorde fleire innspelingar saman med Tony Iommi i det som var restane av Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata Iternal Idol frå 1987. I 1974 vart Chris Stills fødd i Boulder i fjellstaten Colorado. Gitaristen Stills er son av meir meritterte Stephen, som i hine hårde dagar herja i Crosby, Stills, Nash & Young. Legg ein til at mora til unge Stills er den franske visesongerinna Véronique Sanson skjøner ein at genene er gode for gitarspel, og at det er mykje å leve opp til. Hjå meg kan Stills sitt gitarspel høyrast på studioplata Gold, som Ryan Adams slepte i 2001. I 1979 var Ramones i studio og spelte inn demoversjonar av Danny Says, I’m Affected, Please Don’t Leave, All The Way, Do You Remember Rock’n Roll Radio?. Produsent i Sire Studio i New York var Ed Stasium og dei tidlegare uutgjevne innspelingane kan høyrast som tilleggsmateriale på plata End Of The Century. I 1983 slepte Yello si andre studioplate, You Gotta Say Yes To Another Excess, som var den siste plata med bidrag frå Carlos Peron. I 1993 døyde Steve Douglas. I 2002 vart Layne Stanley funnen daud i eigen heim. I 2005 døyde Stan Levey. I 2012 døyde Levon Helm og Greg Ham.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar