25.04.2016

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du ei av platene Fitzgerald gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong, Ella & Louis Again, som kom på marknaden fyrste gongen i 1957. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd i svenske Göteborg. Björn Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg til millionsegjande pophits har resultert i musikalar som mellom anna Chess. I mi platehylle finn du Ulveus sitt arbeid på samleplatene The Hits (1990) og Abba Gold (19921). Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival, og hjå meg kan han høyres på samleplata The Complete Hit-Album Vol.1. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle kan Ferrone sitt taktfaste arbeid høyrast på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til The B52’s si studioplate Cosmic Thing (1989), City Streets, som var Carole King sitt bidrag til platehyllene det året, Eric Clapton si konsertplate Unplugged (1992), og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996. Ferrone er også kreditert for å halde takten på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995), og Unearthed, som Johnny Cash sitt dødsbu slepte i 2003. I 1958 vart Derek William Dick fødd i skotske Edinburgh. Fish var i mange år vokalist og frontmann i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd i Stockholm. Musikaren og plateprodusenten Christian Falk var bassist i Imperiet og hjå meg kan han høyrast på studioplata Synd frå 1986, i tillegg til samleplata Imperiet Kickar – Singlar 1981-1987 frå 1990. Falk døyde i 2014. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles i California. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Nothing’s Shocking frå 1998. Avery har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på platene Under Rug Swept (2002), og So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i engelske Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore ein periode innom norske Dimmu Borgir. I 1988 døyde Carolyn Franklin. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection, og Neil Young slepte si tjuefemte studioplate Silver And Gold.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar