26.07.2012

Tjuesjette juli

Tjuesjette juli 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard, og ikkje minst for forhold til fleire profilerte fotomodellar, som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. I 1949 vart Roger Meddows Taylor fødd i Dersingham. Trommeslagaren Taylor er best kjend for å halde takten i Queen, men i mi platehylle han kan høyrast som korist på songen You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys, var Ian Hunter sitt bidrag til musikkhistoria i 1976. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn Sweet Lorraine og Minor Yours. Bandet bestod av Pete Jolly på piano, bassisten Leroy Vinnegar og Stan Levey på trommer. På Minor Yours spelte også saksofonistane Art Pepper og Richie Kamuca. Begge songane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1965 vart James William Lindeberg fødd i Hermosa Beach i California. Jim Lindeberg er best kjend som songare i bandet Pennywise, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre han synge gjestevokal på songen Marked frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen The House That Jack Built. B-sida var ein versjon av Burt Bacharach sin I Say A Little Prayer. I 1980 stod Toy Dolls på scenen i Labour Club i Hordon. I 1990 døyde Brent Mydland. I 2010 døyde Ben Keith. I 2011 døyde Frank Foster.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar