15.07.2012

Fjortande juli

Fjortande juli 1912 vart Woodrow Wilson Guthrie i Okemah i Oklahoma. Den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie sitt bidrag til mi platehylle heiter Pastures Of Plenty og er ei samling av opptak han gjorde frå 1940 til 1947. Guthrie vart etter kvart diagnostisert med Huntintons Syndrom og døyde i New York i 1967. I 1945 kom James Beck Gordon til verda. Jim Gordon har tent til livets opphald som trommeslagar og kan hjå meg høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. I 1950 vart Andrew Newmark fødd. Trommesalgaren Andy Newmark sitt taktfastespel kan i mi platehylle finnast på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995. I 1960 vart songarinna Angelique Kpasseloko Hinto Hounsinou Kandjo Manta Zogbin Kidjo fødd i Ouidah i Benin. Den fleirfaldig Grammy-nominerte songarinna, som til vanleg kortar namnet sitt ned til meir lettfattelege Angelique Kidjo er sterkt representert i mi platesamling, fem titlar, og det er ikkje utan grunn. I 1966 kom Ellen Reid til verda i Selkirk i den kanadiske delstaten Manitoba. Reid er pianist og syng bakgrunnsvokal i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1971 vart Nicholas Jonathon McCabe fødd i St. Helens. Nick McCabe var gitarist i The Verve og mi samling byr på gitarspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1975 spelte The Who inn Squeeze Box på Sheperton Sound Stage. Innspelinga vart gjort ved hjelp av Faces-sjefen Ronnie Lane sitt Mobile Studio og produsent var Glyn Johnes. I 1978 fekk platekjøparane høve til å investere i The Who sin singel Who Are You, som klatra til attandeplass på listene. I 1984 var Toy Dolls å sjå på scenen i Mabuhay Gardens i San Francisco, California. I 1992 gav slidegitaristen Roy Rogers ut si fyrste soloplate, Chops Not Chaps. I 1998 gav Beastie Boys ut plata Hello Nasty. I 2003 slepte dei walisiske marxistane i Manic Street Preachers samleplata Lipstick Traces.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar