22.07.2012

Tjueandre juli

Tjueandre juli 1924 kom saksofonisten Bill Perkins til verda i solrike San Francisco. Bill Perkins sitt saksofonspel kan nytast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Perkins døyde i 2003. I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og det er ingen som protesterar om han vert omtala som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på plata Greatest Hits, som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet, og på Funkadellics samleplata We Got The Funk You Got The Funk. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985. I 1944 kom Richard Davies til verda i Swindon. Rick Davies var ein av grunnleggjarane av det britiske bandet Supertramp og kan hjå meg nytast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1947 vart Donald Hugh Henley fødd i Gilmer i Texas. Don Henley er ein av grunnleggjanane av Eagles, men hjå meg er det på med vokalhjelp på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå 1974, Against The Wind, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1980, og på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, Eagles-legenda kan høyrast. I 1956 kom trommeslagaren Mick Pointer til verda. Mick Pointer var ein av grunnleggjarane av Marillion og spelte på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 19983. I 1970 nytta gitarhelten Jimi Hendrix datoen til å fullføre innspelinga av In From The Storm i Electric Ladyland Studios. I 1973 fekk Loudon Wainwright III ein son som skulle få namnet Rufus McGarrigle Wainwright. Rufus Wainwright er ein suksessfull musikar og har gjeve ut fleire kritikarroste album. Mi platehylle byr enn så lenge på debutplata Rufus Wainwrith frå 1998. I 1977 gav Yes ut sitt åttande studioalbum, Going For The One, same dag som Richie Kamuca døyde av strupekreft. I 1984 stod Music Machine i Santa Monica som vertskap for Toy Dolls. I 2010 døyde Harry Beckett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar