01.07.2012

Fyrste juli

Fyrste juli 1935 vart James Cotton fødd i Tunica i bluesdelstaten Mississippi. Cotton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar munnspel på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. I 1945 kom songarinna og superblondina Deborah Ann Harry til verda i den solrike pensjonistbyen Miami i Florida. Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parentes i karrieren hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallele Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla, i tillegg til attforeiningsplata No Exit frå 1999. I 1951 vart ein annan markant skapning i platesamlinga mi, Frederick William Schneider III, fødd i Newark i New Jersey. Fred Schneider er ein av frontfigurane i det Athens, Georgia baserte New Wave bandet B52s, som han var med å starte i 1976. Schneider kan høyrast på platene Wild Planet, Cosmic Thing frå 1989, Dance This Mess Around (1990) og Good Stuff, som kom på marknaden i 1992. I 1952 kom Daniel Edward Aykroyd til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Dan Aykroyd er best kjend som skodespelar i eit utal meir eller mindre vellukka komediar, men har fått plass i denne bloggen for arbeidet han gjorde med kultfilmen og –bandet The Blues Brothers. Aykroyd kan høyrast som Elwood Blues på konsertplata Breiefcase Full Of Blues frå 1978. I 1963 vart Roswell Christopher Bottum III fødd i Los Angeles. Tangentmannen Roddy Bottum sitt arbeid er i mi platehylle å finne på Faith No More-platene Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I 1964 var dette andre og siste innspelingsdag av John Coltrane Quartet si plate Cresent. I 1971 kom Melissa Arnette Elliot til verda i Portsmouth i Virginia. Missy ”Misdemeanor” Elliot har markert seg i fleire delar av underhaldningsindustrien og kan i mi platesamling høyrast på plata Miss E...So Addictive frå 2001. Fredag fyrste juli 1977 var Ramones på Kelly’s Pub i St. Paul, Minnesota. Dei som løyste billett til denne hendinga betalte $4 og fekk sjå Berlin & The Suicide Commandos varme opp for dei skinnkledde New York-rockarane. I 1981 døyde Ruston Moreve. I 1983 spelte Toy Dolls i levande live på Dingwalls i Sheffield.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar