18.07.2012

Attande juli

Attande juli 1938 kom Ian Andrew Robert Stewart til veda i Fife i Skotland. Pianisten Ian Stewart er best kjend for å spele for Rolling Stones, eit band han var medlem av fram til 1963, men i mi platehylle kan tangentspelet hans nytast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Stewart døyde i 1985. I 1954 vart Richard Lee Skaggs fødd i Cordell i Kentucky. Strengevirtousen Ricky Skaggs sitt bidrag til mi platehylle finn du på Emmylou Harris si plate Pices Of The Sky frå 1975. I 1955 vart Terry Chambers fødd i Swindon. Trommeslagaren Chambers var ein av grunnleggjarane av det britiske New Wave-bandet XTC og mi platehylle byr på trommespel på plata Black Sea frå 1980. Chambers og bandet skilde lag i 1983. I 1953 kom bassisten Neil Stubenhaus til verda. Stubenhaus, med ei fortid i Earth Wind & Fire, kan hjå meg høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1966 slepte The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension. I 1970 kom Gruffyd Maredudd Bowen Rhys til verda i Haverfordwest. Gruff Rhys er gitarist og vokalist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har levert fleire sterke plater sidan starten i 1993. I 1981 reiste Toy Dolls til Middlesbrough for å spele på Plus One. I 1988 døyde Nico.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar