16.07.2012

Sekstande juli

Sekstande juli 1955 kom Annie Whitehead til verda i Oldham. Trombonisten Whitehead kan hjå meg høyrast medan ho spelar for Robert Wyatt på plata Comicopera frå 2007. 1973 gav Bob Dylan ut lydsporet til filmen Pat Garrett & Billy The Kid. Dylan sjølv hadde ei statistrolle i filmen med same namn. Mellom dei medverkande musikarane på plata finn ein den kvinnelege gitaristen Carol Hunter som vert rekna som den fyrste kvinnelege rockegitaristen, og Bruce Langhorne på akustisk gitar. I 1976 var AC/DC i Wimbledon Theatre i London og spela inn opptak til bruk i programmet Super Pop. DVD-samlinga Plug Me In byr på songane Live Wire og Can I Sit Next To You Girl frå programmet som vart sendt i august 1976. I 1981 spela Toy Dolls på Norsmann i Peterlee. I 1982 var Toy Dolls på plass i Old English Pub i Darlington. I 2012 døyde Jon Lord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar