24.03.2014

Tjuefjerde mars

Tjuefjerde mars 1935 kom Carol Kaye til verda i Everett i den amerikanske delstaten Washington. Bassisten Kaye vert rekna som ei av verdas framste studiomusikarar og har bidratt på så mykje som over ti tusen ulike innspelingar. Hjå meg kan Kaye høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1949 vart Ellen Shipley fødd i New York. Songerska og komponisten Shipley samarbeidar til vanleg tett med produsenten Rick Nowels og hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på sjølvkomponert låt på Kim Wilde si studioplate Love Is frå 1992. I 1951 vart Douglas Campbell Thomson fødd i skotske Glasgow. Bassisten Dougie Thomson spelte i Supertramp og kan i mi samling høyrast på plata Crisis? What Crisis? frå 1975. I 1966 kom den norske forfattaren Espen Stenhammer til verda. Stenhammer si musikalske karriere omfattar trommespel med bandet Di Derre. Hjå meg kan Stenhammer høyrast på studioplatene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). I 1970 vart Egil Hegerberg fødd i Oslo. Hegerberg er kjend frå band som Hurra Torpedo og Gartnerlosjen, men hjå meg er det som ubestridt leiar av Bare Egil Band han kan høyrast. Plata heiter Absolutt Ikkje Bare Egil Band (1996), og var einmannsbandet si debutplate. I 1971 slepte Serge Gainsbourg konseptplata Historie De Melody Nelson. I 1972 gav Slade ut konsertplata Slade Alive. Plata inneheldt drivande gode konsertversjonar av John Sebastian sin Darling Be Home Soon, og det som av mange vert rekna som den fyrste hardrocksongen, kanadiske Mars Bonfire sin Born To Be Wild, som Steppenwolf tidlegare hadde herja platelistene med. I 1975 kunne dei som var interessert i slikt kjøpe Lynyrd Skynyrd si plate Nuthin’ Fancy, som inneheldt mellom anna Saturday Night Special. Denne songen kan også høyrast på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som er sørstatsbandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1979 var dette dagen Motörhead slepte den hardtslåande plata Overkill laus på folket. Eg innrømmer at denne plata har passert fingrane mine og her trengs det skjerping, men dei fleste låtane er nok representert på fleire samleplater og eg ser ikkje bort frå at originalen vert handla inn snart. I 1981 var Toy Dolls på plass og rocka for dei frammøtte i Working Mans Club i Kelloe. I 1987 hadde dei same karane i Toy Dolls teke turen over kanalen og kunne opplevast på Rex i Paris. I 1988 var det ganske sikkert høg stemning når Toy Dolls underheldt studentar og andre på Smallands Nation i universitetsbyen Lund. I 1994 spela Johnny Cash inn ein monoversjon av songen Redemption. Han fekk også festa Oh, Burry Me Not (Introduktion: A Cowboy's Prayer) til band. Produsent var legenda Rick Rubin og begge songane enda opp på plata American Recordings, den fyrste i ein serie på fleire studioplater som avslutta karrieren til The Man In Black, men begge songane kan i tillegg høyrast på samleplata God frå 2000.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar