01.03.2014

Fyrste mars

Fyrste mars 1930 vart Benny Powell fødd i ved Mississippi-elva sin munning i New Orleans i Louisiana. Trombonisten Powell kan i mi platehylle høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing frå 1999. Benny Powell døyde i 2010. I 1941 kom Alice Preves til verda i Louisville i Kentucky. Violinisten Preves spelte fast med St. Paul Chamber Orchestra i meir enn førti år, hjå meg kan fiolinspelet hennar høyrast på Janet Jackson si studioplate The Velvet Rope frå 1997. Preves døyde i 2006. I 1944 kom Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. Songaren Roger Daltrey har vore frontfigur for The Who sidan byrjinga på fyrste halvleik av sekstitalet. Mod-ikona i The Who var med å setje ord på etterkrigstidas urbane arbeidarklasseungdom sine frustrasjonar og det var røysta til Daltrey som var best eigna til å framføre gitarist Pete Townsend sine smått surrealistiske metaforar. Hjå meg kan Daltrey høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971), og Who Are You (1978), filmusikken The Kids Are Alright (1979), og samleplatene Odds & Sods (1974), The Who og My Generation The Very Best Of The Who (1996). I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records, og grunnlaget var lagt for eit fruktbart samarbeid. I 1963 vart Berndt Weidung fødd i tyske Koblenz. Thomas Anders var songar i Modern Talking og hjå meg kan han høyrast på den berykta studioplata som lova at dei var attende for godt, Back For Good frå 1998. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit i Michigan. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1969 vart Dafydd Ieuan fødd i Bangor i Wales. Dafydd Ieuan tenar til vanleg til livets opphald som trommeslagar i det walisiske bandet Super Furry Animals. Ieuan kan i mi platehylle høyrast på studioplata Love Kraft (2005) og på samleplata Songbook: The Singles Vol. 1 (2004). I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1976 kom Andreas Mjøs til verda i noregs eldste by, Tønsberg. Plateprodusenten Mjøs er i mi platehylle kreditert for å traktere ei rekkje instrument på Anne Grete Preus si plate Alfabet frå 2001. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nytta Toy Dolls dagen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med ein platetittel formulert som spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet frå Stokkmarknes til topps på dei norske platelistene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar