11.03.2014

Ellevte mars

Ellevte mars 1939 kom Leonardo Jimenez til verda i San Antonio i Texas. Accordionspelaren Flaco Jimenez har hatt ei sjølvstendig karriere i Tex-Mex-segmentet og har henta heim fleire høgthengande Grammy-prisar, men hjå meg høyrest han best som medlem av supergruppa Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Tread (1992), og samleplata The Best Of Texas Tornados. Jimenez har også spela med ein annan kjenning frå country-verda, Buck Owens, som også er å finne i mi platehylle. I 1944 vart Graham Hamilton Lyle fødd i engelske Bellshill. Graham Lyle vart hyra inn som låtskrivar for The Beatles sin Apple Records så tidleg som 1968 og har sidan gjort seg merkt på ulikt vis i musikkindustrien. Hjå meg kan Graham Lyle høyrast med bakgrunnsvokal på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989, og med gitarspel på Joe Cocker si plate Across From Midnight (1997). I 1945 kom Harvey Mandel til verda i Detriot i Michigan. Den eksentriske gitaristen Harvey Mandel flytta i ung alder til traktene rundt Chicago og utvikla seg til å bli ein framragande gitarist som har vore med å prega Canned Heat sitt lydbilde i fleire periodar. Hjå meg kan Mandel Høyrast på plata House Of Blue Light frå 1998. I 1951 vart Kathrine Farthing fødd i Port Of Spain på Trinidad. Katie Kissoon hadde fleire hits saman med broren Mac på syttitalet, men har dei siste åra livnært seg som korist for andre artistar. I mi platehylle kan røysta hennar høyrast på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1955 vart Catharina Hagen fødd i Berlin i det dåverande DDR. Kunstpunkdronninga Nina Hagen har seinare gjeve oss ei mengd plater og hjå meg kan ein finne Nina Hagen Band si andre studioplate Unbehagen frå 1979, i tillegg til at dronninga har samla det beste av det beste på samleplata The Very Best Of Nina Hagen (1990). Nina Hagen er i dag, for det meste oppteken med å låne bort røysta si til fleire tyskspråklege versjonar av amerikanske teiknefilmar. I 1961 kom Bruce William Watson til verda i Timmins i den kanadiske provinsen Ontario. Gitaristen Bruce Watson er best kjend for arbeidet han har gjort med skotske Big Country, eit band han i si tid var med å grunnleggje, og i mi platesamling kan han høyrast på bandet si tredje studioplate The Seer frå 1986. I 1965 spela Johnny Cash inn, i mono, Hardin Wouldn't Run, som vart gjeven ut på albumet Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 vart Jon Alexander Rosén fødd i Oslo. Alex Rosén lét seg korsfeste for plateomslaget på ei kontroversiell plate med bandet Go Go Gorilla og det er ein singel frå dette prosjektet som tek plass i mi platehylle. I 1969 kom Rami Jaffee til verda i Los Angeles i California. Tangentmannen Jaffee sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Jubilee, som Grant Lee Buffalo slepte i 1998. I 1984 kunne frammøtte på Shineyrow Club i Sunderland oppleve eit møte med Toy Dolls. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar