19.03.2014

Nittande mars

Nittande mars 1951 kom trommeslagaren Derek Longmuir til verda i den skotske hovudstaden Edinburgh. Longmuir var ein av grunnleggjarane av tyggigspopbandet Bay City Rollers. I mi platehylle kan Longmuir høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1953 vart Ricky Helton Wilson fødd i Athens i den amerikanske delstaten Georgia. Wilson spelte gitar i New Wave bandet The B52s og var broren til vokalist Cindy Wilson. Hjå meg høyrer du Wilson sitt gitarspel på studioplata Wild Planet frå 1980, i tillegg til samleplata The Best Of The B52’s-Dance This Mess Around frå 1990. Wilson døyde av HIV i 1985. I 1958 kom Anne-Marie Gjørtz til verda i Stockholm. Jazzsongerinna og sangpedagogen Gjørts har slept soloplater, i tillegg til å delta i ulike konstellasjonar. Hjå meg kan Gjørtz høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993. I 1962 var Elvis Presley i studio og song inn She’s Not You. Med seg for å skape litt triveleg bakgrunnsmusikk var evigunge The Jordanaires. I 1969 kom Jeremy Thomas McRae Blackall til verda i engelske Essex. Tom McRae har levert fleire solide bidrag til musikkverda etter debuten i 2000 og hjå meg kan han høyrast på den sjølvtittelerte debutplata, i tillegg til plata Just Like Blood frå 2003. I 1971 vart Øyvind Kolset fødd. Tangentmannen Kolset er ein av grunnleggjarane av Postgirobygget og kan i mi plathylle høyrast på plata Melis frå 1996. Same dag slepte Jethro Tull plata Aqualung, der fansen, forutan tittelsporet, fekk høve til å stifte kjennskap med slagarar som Cross Eyed Mary og Locomotive Breath. I 1982 var dette ein tragisk dag, då mange hugsar at Ozzy Osbourne sin unge og teknisk eminente gitarist, Randy Rhoads, døyde i eit dramatisk småflykrasj. Rhoads var i sine yngre dagar med å starte bandet Quiet Riot, og før han gjekk bort nådde han å skape grom gitarlyd på Ozzy-platene Blizzard Of Oz og Diary Of A Madman. Ozzy si liveplate Tribute (1987), der Rhoads også trakterte gitaren, kom på plass i platehyllene fem år seinare. I 1986 vart Susanne Aartun Sundfør fødd i Haugesund. Susanne Sundfør platedebuterte i 2007 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata The Brothel frå 2010. I 1987 gav Ozzy Osbourne ut konsertplata Tribute, ei samling gamle konsertopptak med Ozzy Osbourne sin favorittgitarist, avdøde Randy Rhoads, på gitar. I 2007 slepte BigBang si sjette studioplate, Too Much Yang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar