16.03.2014

Sekstande mars

Sekstande mars 1948 vart Michael Owen Bruce fødd i Arizona. Michael Bruce var gitarist og bakgrunnsvokalist i Alice Cooper Group og kan hjå meg høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. I 1954 vart Stephen J. Lipson fødd i England. Plateprodusenten Stephen Lipson er i mi platehylle kriditert for å spele både bass og keyboards på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I San Fransisco kom Nancy Lamoureux Wilson til verda. Gitaristen og vokalisten Nancy Wilson var, saman med systera Ann, kjernen i det amerikanske rockebandet Heart og kan hjå meg høyrast på studioplata Little Queen frå 1977 og konsertplata Rock The House! Live frå 1991. I 1970 kom Herbert Joakim Berg til verda i Eskilstuna. Joakim Berg er vokalist og gitarist i det svenske bandet Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnesta Hill (1999) og Du Och Jag Döden frå 2005. I 1971 var Pete Townshend og dei tre andre i The Who i studio og spelte inn det som er blitt ein av fleire signaturlåtar for gruppa, Won’t Get Fooled Again, som i tillegg til ei røys med samleplater kan høyrast på Who’s Next. I 1972 vart Andrew Dunlop fødd i skotske Lenzie. Gitaristen Andy Dunlop spelar til dagleg i Travis og kan hjå meg høyarst på bandet si tredje studioplate, The Invisible Band, frå 2001. I 1976 slepte Marvin Gaye si trettande studioplate, I Want You, der dei sterkt erotiske tekstane skal vere inspirert av Gaye sitt forhold til si andre kone, Janis Hunter. I 1982 fekk den alltid like velkledde oktetten Madness notert ein fjortandeplass på listene for singelen Cardiac Arrest og i 1985 var Iron Maiden på scenen i Long Beach Arena i California og spelte sin tredje utselde konsert på like mange kveldar. I 1999 slepte supergitaristen Jeff Beck plata Who Else. I 2005 døyde Jackson ”Thunderfoot” Spires.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar