18.03.2014

Attande mars

Attande mars 1945 vart Eric Norman Woolfson fødd i skotske Glasgow. Songaren og advokaten Eric Woolfson var den eine halvleiken av The Alan Parsons Project, som leverte ei rekkje kritikarroste studioplater mellom 1975 og 1990. Hjå meg kan Woolfson høyrast på samleplata The Instrumental Works frå 1988. Woolfson døyde i 2009. I 1948 kom Robert Stanley Whitlock til verda i Memphis i Tennessee. Derek & The Dominos-grunnleggjaren Bobby Whitlock sitt bidrag til mi platehylle finn du på The Jeff Healey Band si plate Hell To Pay frå 1990. I 1961 vart Grantzberg Vernon Hart fødd i Minesota. Grant Hart var trommis i bandet Hüsker Dü, som hjå meg kan høyrast på plata Candy Apple Grey frå 1986. I 1964 kom saksofonisten Courtney Pine til verda i London. Pine arbeidar vanlegvis på jazzscena, men han kan i mi platesamling høyrast på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Jerry Fullton Cantrell fødd i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington. Gitaristen Jerry Cantrell spelte i Alice In Chains og vert rekna som ein av dei som, saman med Nirvana og eit par andre band, drog i gang Grunge-eventyret i Seattle på slutten av 1980-talet. Enn så lenge må du nøye deg med platene Facelift (1990) og Dirt (1992) om du vil høyre Cantrell sitt gitarspel hjå meg. I Los Angeles i California kom Dyanna Lauren til verda. Skodespelaren Lauren er best kjend for eit utal filmar med pornografisk innhald. I mi platehylle kan Lauren høyrast med høglydt «pornography» på Marilyn Manson si plate Mechanical Animals frå 1998. I 1967 slepte ein ung Jimi Hendrix, med bandet Experience i ryggen, singelen Purple Haze som klatra så høgt som til fjerdeplass på dei engelske listene. I 1969 nytta den same Jimi Hendrix dagen til å gå i studio og spele inn ein av sine mest kjende songar, Star Spangled Banner. I 1970 kom Dana Elaine Owens til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Queen Latifa er både modell, skodespelar og artist. Hjå meg kan Queen Latifah høyrast på plata Trav’lin’ Light frå 2007. I 1971 nytta The Who datoen til å reise til New York for å gå i gang med innspelinga av Getting In Tune. Songen hadde eigentlege arbeidstittelen I’m In Tune. Dei tok seg også tid til å spele inn det som vart originalversjonen av Behind Blue Eyes. I 1974 kom Daniel Gilbert til verda i Hindås. Gitaristen Hurricane Gilbert kan hjå meg høyrast på Håkan Hellström si plate Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg frå 2000. I Sheffield vart Stuart Patric Jude Zender fødd. Bassisten Stuart Zender var ein av grunnleggjarane av Jamiroquai og spelte på bandet sine tre fyrste plater. Hjå meg kan Zender høyrast på Jamiroquai si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993, i tillegg til basspel på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1977 slepte The Clash singelen White Riot, som nådde trettiåttandeplass på dei engelske singellistene. Frå 1978 hugsar me AC/DC sin opptreden på skotsk fjernsyn der dei rocka seg gjennom Riff Raff, Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog, Bad Boy Boogie, Let There Be Rock og (I’m A) Rocker. Me som ikkje fekk inn skotsk fjernsyn på syttitalet har i dag fått høve til å nyta dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock frå tyske Falkon Neue Medien. I 1980 var Johnny Cash i studio i Nashville i Tennessee og spela inn Song Of The Patriot, songen kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1986 vart Li Lykke Timotej Svensson Zachrisson fødd i skånske Ystad. Lykke Li kan i mi platehylle høyrast som gjest på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1991 spelte AC/DC inn video til songen Are You Ready. Produsent var som vanleg David Mallet. I 2001 døyde John Phillips. I 2011 heldt dei finske alternativrockarane i 22 Pistepirkko ein flott konsert på Garage i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar