14.03.2014

Fjortande mars

Fjortande mars 1949 kom Roger Powell til verda. Tangentmannen Powell samarbeidar gjerne med Todd Rundgren og spelar elles i Utopia. Powell sitt bidrag til mi platehylle finn du på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell frå 1977. I 1964 vart Per Øyvind Houmb fødd i Trondheim. Prepple Houmb er vokalist i DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1978 avslutta The Who innspelinga av Trick Of The Light, som skulle få plass på plata Who Are You, med sleppdato seinare same året. I 1985 spelte eit ungt og energisk Iron Maiden den fyrste av fire konsertar i Long Beach Arena, og vart med det fyrste band nokon sinne til å selje ut denne flotte vestkystarenaen fire kveldar på rad. I 1988 slepte Morrisey si solodebutplate Viva Hate. I 2005 gav elektronicabandet Daft Punk ut si tredje studioplate, Human After All, ei hending som samanfall med utgjevinga av Stereophonics si femte studioplate Language. Sex. Violence. Other?. I 2010 døyde Junior Collins.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar