23.02.2011

Tjuetredje februar

Tjuetredje februar 1944 vart texasguten John Dawson Winter fødd i Beaumont. Johnny Winter er kjend som verdas kvitaste bluesgitarist, og tatoveringane hans er dei einaste pigmenta han har i huda. At Johnny også er ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifem av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, men er mest nøgd med liveplatene og angrar bittert på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. I 1952 vart Aerosmith-gitaristen Brad Whitford fødd på denne dagen. I 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som song One Night for innspeling på plate. I 1976 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Double Trouble ut på marknaden. Same dag filma AC/DC eit promoklipp for It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Sekkepipebandet Rats Of Tobruk Pipe Band med mellom anna Allan Butterworth, L. Kenfield og Kevin Conlon er med som statistar. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top Of The Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth. I 1993 gav Grant Lee Buffalo ut plata Fuzzy, som var dei tidlegare Shiva Burlesque-medlemmene si debutplate under nytt namn. I 1997 døyde Tony Williams. I 2003 døyde Howie Epstein.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar