07.02.2011

Sjuande februar

Sjuande februar 1948 kom komponisten og produsenten David Campbell til verda. Campbell har produsert plater for Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire, og i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fiolin på den langt meir meriterte sonen, Bech, si plate Midnite Vultures frå 1999. I 1949 kom Alan Charles Lancaster til verda i London. Lancaster stod i mange år for grom basslyd for verdas beste boogierockband, Status Quo. Eit band han var med å starte så tidleg som i 1962. Lancaster gav seg i Status Quo etter Live Aid i 1985 og heldt fram med fleire prosjekt, han kan i mi platesamling mellom anna høyrast når han spelar med bandet The Bombers, som gav ut plata Aim High i 1990. I 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna A Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste. I 1969 var The Who i Morgan Studios i London og spela inn Pinball Wizard. Bak spakane sat produsent Kit Lambert. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She Goes To Finos, veit eg faktisk ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar