11.02.2011

Ellevte februar

Ellevte februar 1956 vart trommeslagaren David Uosikkinen fødd i Cheltenham i Pensylvania. Uosikkenen er ein av originalmedlemmene i det amerikanske bandet The Hooters og held takten på to bidrag til mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1962 kom Sheryl Suzanne Crow til verda. Sheryl Crow, som har vore meir i europeisk media på grunn av spekulasjonar rundt ekskjærasten sitt påståtte kombinasjon av sykkelkarriere og dopbruk, har vunne så mykje som ni Grammyprisar. I tillegg til soloprosjekta sine har ho spela med artistar som Mick Jagger, Eric Clapton og Kid Rock. I mi platehylle kan Crow høyrast medan ho syng og spelar accordion på Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000. I 1968 produserte Kit Lambert The Who låta Little Billy i IBC Studios i London. I 1984 var det songen om den engelske skodespelaren Michael Caine som sikra Madness ellevteplass på hitlistene. I 1997 platedebuterte Erykah Badu med den kanonsterke plata Baduizm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar