14.02.2011

Fjortande februar

Fjortande februar 1973 kom The Batallion-vokalist Tore Bratseth (Stud Bronson) til verda. Verdas mest ihuga Twisted Sister-fan har base i Lysefjorden i Os Kommune sør for Bergen og kan treffast på butikken på Buena når han ikkje er ute og turnerar eller stalkar idola sine. I 1981 hadde Toy Dolls teke inn på hotell, og det var Norseman Hotel i Peterlee som fekk vitjing og det skulle ikkje vere naudsynt å påpeike at dei sjølve stod for underhaldninga. I 1985 var Toy Dolls attende i gamlelandet etter ein utanlandstur og drog for å spele på Guildhall i Cambridge. I 2010 døyde vokalist Doug Figer i The Knack. The Knack er mest kjend for hiten My Sharona frå debutplata Get The Knack frå 1979.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar