22.02.2011

Tjueandre februar

Tjueandre februar 1952 kom trønderen Stein Groven til verda. Groven har operert under artistnamnet Casino Steel og kan i mi platesamling høyrast som medlem av Rigg Rock-duoen Holton & Steel. To av platene frå samarbeidet med Gary Holton har fått plass i mi samling, debutplata, som bar dei to herrane sitt namn og den vanskelege andreplata med den oppfinnsame tittelen Part II. I 1971 gav David Crosby ut si eigenproduserte debutsoloplate If I Could Only Remember My Name. I 1985 var London University vertskap for ein konsert med Toy Dolls. I 1993 platedebuterte Radiohead med plata Pablo Honey. I 2000 gav traktorpønkarane i Violent Femmes ut den ikkje så altfor vellukka plata Freak Magnet, som i skrivande stund er gruppa si siste studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar