26.02.2011

Tjuesjette februar

Tjuesjette februar 1932 vart Johnny Cash fødd som John R. Cash i Kingsland, Arkansas. Johnny Cash er kjent som The Man In Black og skal ha spela inn og gjeve ut meir enn fem tusen innspelingar på eit utal plater i så ulike sjangrar som rock, country og gospel. Cash sitt andre ekteskap var med songerinna June Carter. Siste del av karieren hans er prega av det suksessfulle samarbeidet med superprodusenten Rick Rubin, som gav The Man In Black ein solid renesanse. Heime hjå meg står meir enn tretti originaltitlar på rekke og rad og prydar platehylla, og fleire vert det nok, for Johnny Cash er ein artist eg aldri vert lei av. Cash døyde i 2003. I 1971 kom Erica Abi Wright til verda i Dallas. Erykah Badu vert referert til som Queen Of Neo-Soul og platedebuterte i 1997 med plata Baduizm. Dette er også datoen der, i 1980, Toy Dolls kunne nytast i Alexandra Ballroom i Sunderland. I 1983 var turen komen for Toy Dolls konsert i Traders Hall i Consett og i 1985 kunne Toy Dolls opplevast på King Georges Hall i Blackburn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar