21.02.2011

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1945 kom Uriah Heep sin originalbassist Paul Newton til verda i Andover. Newton spelte på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble, Salisbury og Look At Yourself, som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom den walisiske gitaristen James Dean Bradfield til verda. Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar