09.02.2011

Niande februar

Niande februar 1958 var det jubel i familien Evans i Clarendon Hills i Illinois då Bill Evans kom til verda. Evans har seinare gjort seg merkt som ein av verdas beste jazzsaksofonistar og fekk høve til å spele saman med Miles Davis. Hjå meg kan Evans høyrast på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1980 spelte AC/DC i den spanske hovudstaden, Madrid. Hendinga vart filma og Girls Got Rhythm og Highway To Hell kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var det North Kenton Club i Newcastle som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1981 slepte The Stranglers plata The Gospel According To The Meninblack. I 1991gav Deacon Blue ut studioplate nummer tre, som fekk tittelen Fellow Hoodlums. I 1994 slepte det finske powermetal-bandet Stratovarius plata Dreamspace.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar