15.02.2011

Femtande februar

Femtande februar 1960 var ein ung og effektiv Johnny Cash i studio saman med dei faste musikarane sine, gitaristen Luther Perkins og bassisten Marshall Grant. I tillegg hadde han med seg Johnny Western på gitar, Harold B. Jackson på dobro og steelguitar, Gordon N. Terry på fele, pianisten Floyd Cramer og trommeslagaren Murray M. Harman. Saman rakk denne oktetten å spele inn heile seks songar denne vinterdagen. Lista tel Loading Coal, Slow Rider, Lumberjack, Dorraine Of Ponchartrain, When Papa Played The Dobro og Boss Jack. Alle songane kan høyrast på plata Ride This Train, som vart produsert av Don Law og kom i platehyllene seinare same året. I 1979 stod Judas Priest på scena i den japanske hovudstaden Tokyo. Dette var den andre av dei konsertdatoane som er lista opp som det som enda opp som konsertplata Unleashed In The East, som kom ut i oktober same år. Dei som i 1980 nytta denne datoen til å kose seg med den lokale underhaldninga på Castle Inn i Durham hugsar truleg at det var Toy Dolls som underheldt frå scenen. I 1981 døyde Mike Bloomfield. I 1985 nytta Toy Dolls denne datoen til å reise heilt til Englands nest største by, Birmingham, for å spele konsert på det lokale universitetet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar