24.02.2011

Tjuefjerde februar

Tjuefjerde februar 1902 vart produsenten Don Law fødd i London med fullt namn Donald Firth Law. Law produserte ei rekkje Johnny Cash plater, mellom anna Ride This Train. I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Pond har seinare, under namnet Paul Jones gjort seg merkt som vokalist i mellom anna Mannfred Mann. I 1979 var Paul Jones med å starte The Blues Band. I 1950 vart gitaristen George Thorogood fødd i Wilmington. Delaware-stasjonerte Thorogood har sidan 1974 hamra feite riff og dårlege vitsar laus på uskuldege tilhøyrarar og er best kjend for slageren Bad To The Bone, som har vore nytta som filmmusikk i fleire filmar enn eg kan telje på begge hender. Hjå meg er Thorogood representert med to gode samlingar som dekkar det meste og det beste, eller det verste, som mannen sjølv ville sagt, av det han har gjort saman med The Delaware Destroyers. I 1951 vart bassisten Steve Dawson fødd i Sheffield. Dawson var med å starte det engelske hardrockbandet Saxon og i mi platesamling kan han høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1969 var datoen for Johnny Cash sin konsert i San Quentin State Prison i California. I 1983 hadde karane i Toy Dolls teke turen til Skottland, nærare bestemt Glasgow der dei spela på Roxy. I 1985 var turen komen for ein Toy Dolls konsert på Queens Hotel i Westcliffe. I 1994 gav det engelske metallbandet Cradle Of Filth ut debutplata si, The Principle Of Evil Made Flesh.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar