23.10.2016

Tjuetredje oktober

Tjuetredje oktober 1931, det var ein fredag, tok Blind Willie McTell med seg gitaren og gjekk i studio i Atlanta i Georgia. Der spela han inn Southern Can Is Mine, Broke Down Engine Blues, Stomp Down Rider og Scarey Day Blues. Med seg i studio hadde Ruth Mary Willis, saman spela dei inn Rough Alley Blues og Experience Blues, med Willis på vocal og McTell på gitar. I 1940 vart Eleanor Louise Greenwich fødd i New York-bydelen Brooklyn. Plateprodusenten Ellie Greenwich var ein del av teama som skreiv Da Doo Ron Ron og Leader Of The Pack, hjå meg kan Greenwich høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1, som kom på marknaden i 1994. I 1943 kom William Hammond Talbot til verda i New York City. Bassisten Billy Talbot har livnært seg ved å spele i bandet Crazy Horse, som heile tida har hatt eit nært samarbeid med Neil Young. I mi platehylle kan Talbot høyrast på Neil Young sine studioplater Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1945 vart Kim Melius Flyholm Larsen fødd i København. Kim Larsen er kjend som låskrivar og vokalist i den danske gruppa Gasolin som prydar mi platehylle med sine fire fyrste studioplater Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), Gasolin 3 (1973) og Stakkels Jim (1974), fordelt på to CD-plater, studioplatene Efter Ennu En Dag (1976) og Gør Det Noget (1977), konsertplata Live Sådan (1976), og samleplatene Rabalderstædet Forever (1990) og Live Derudaf Forever (1993). I Norfolk i Virginia kom Ernest James Watts til verda. Saksofonisten Ernie Watts er best kjend for å spele med Charlie Hayden, men er så rocka at han også har vore innom Rolling Stones sitt backing band. I mi platehylle er Watts kreditert for å lage god lyd på utvalde spor på Becker & Fagen si samleplate Masters. I 1949 kom Michael Burston til verda i engelske Cheltenham. Burston fekk tilnamnet Würzel då han tenestegjorde for den engelske hæren i Tyskland. Seinare var han innom band som Bastards og Warefare før han ordna seg eit namn blant dei store då han spelte gitar på fem Motörhead-plater i perioden frå 1984 og fram til han fekk sparken i 1995. Hjå meg kan Würzel sitt gitarspel nytast på Orgasmaton (1986), 1916 (1991) og March Ör Die (1992), i tillegg til samleplatene No Remorse (1984) og From The Vaults (1990). Würzel døyde i 2011. I 1952 vart Pierre Moerlen fødd i Colmar i franske Haut-Rhin. Trommeslagaren Moerlen er best kjend for arbeidet han gjorde for kultbandet Gong. Hjå meg kan Moerlen høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. Moerlen døyde i 2005. I 1956 vart Dwight David Yoakam fødd i Pikeville i Kentucky. Dwight Yoakam er mannen som var for country for Nashville, og har jobba ut frå den utradisjonelle countrybyen Los Angeles meir eller mindre heile karriera si, utan at det har lagt dempar på suksessen. Hjå meg finn du samleplata In Other’s Words frå 2003, der Yoakam presenterar sine eigne versjonar av andre artistar sine låtar. I heimlege Årdal kom Svein Dag Hauge til verda. Gitaristen Hauge er best kjend som sjefen over alle sjefar i Lava, som markerte seg som backing band for Randy Crawford i hine hårde dagar. I mi platehylle utmerkar Hauge seg på samleplatene 21 Beste (Olav Stedje), Absolute Prima Vera (Prima Vera), og Trond-Viggos Beste (Trond-Viggo Torgersen). I 1960 kom Mirwais Ahmadzaï til verda i sveitsiske Lausanne. Hjå meg kan Ahmadzaï høyrast med tangent- og gitarspel på Madonna si plate Music frå 2000. I 1964 heldt Grateful Dead hus på Fillmore West Palladium i San Francisco i California. Konserten er utgjeve på plate og dei som vil kan høyre udødelege låtar som Uncle Joe’s Band, Early Morning Dew og Kris Kristofersen sin bestseljar Me & Bobby McGee. I 1966 var datoen via Jimi Hendrix si innspeling av Hey Joe. Seansen gjekk føre seg i Kingsway Studios som ligg i London. I 1967 vart Dale Crover fødd i Aberdeen i Washington. Trommisten Crover er ein av grunnleggjarane av The Melvins, og han har spelt i Men Of Porn. I mi platehylle kan Crover høyrast med trommespel på fleire spor på Nirvana si plate Bleach frå 1989. I 1969 vart det høve til å kjøpe Aretha Franklin sin versjon av Beatles-songen Eleanor Rigby. I 1987 var Toy Dolls på Hardrock Club i Mannheim. I 1989 kunne Toy Dolls opplevast på scena i Longhorn i Stuttgart. I 2000 slepte PJ Harvey si femte studioplate med den spanandes tittelen Stories From The City, Stories From The Sea. I 2007 slepte Ryan Adams & The Cardinals plata Follow The Lights, som mellom anna inneheld ein versjon av Alice In Chains sin låt Down In A Hole.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar