05.10.2016

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band, som i mange år spelte fast for Chuck Berry, og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengs tmellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. Miller kan også høyrast medan han syng duett med sjølvaste Sir Paul på plata Flaming Pie, som McCartney slepte på marknaden i 1997. I 1945 kom Brain Francis Connolly til verda i nærleiken av skotske Glasgow. Brian Connolly var vokalist i den legendariske versjonen av det britiske glamrockbandet Sweet, som har sett spor etter seg med fleire hardtrockande slagarar. Hjå meg kan Connolly høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. Connolly døyde i 1997. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson avdøyde Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. Johnson sine fyrste vokalbidrag til AC/DC var å høyre på legendariske Back In Black, ein jobb han gjorde så bra at han framleis får lov til å syngje til Young-brørne sitt gitarspel. I mi platehylle kan Johnson høyrast på platene Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) og Black Ice (2008). I 1950 vart Edward Clarke fødd i London. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han fekk jobben med å spele gitar på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Fast Eddie Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1957 kom Lee Jay Thompson til verda i London. Saksofonspelande Lee Thompson er ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan du høyra alle hans lokkoande tonar på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 vart Rolf Ågrim Tekrø fødd i Oslo. Totningen Ronni Le Tekrø har gjort utenkjelege gitartriks til ein leveveg i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1970 gav Led Zeppelin ut si tredje studioplate. Produktet fekk det fantasifulle namnet Led Zeppelin III. I 1978 vart Patrick George Walden fødd. Patrick Walden var gitarist på Babyshambles sitt debutalbum Down In Albion frå 2005. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me som ikkje hadde høve til å vere tilstades må nøye oss med konsertplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland, og Joe Cocker spelte i Memorial Auditorium i Lowell i Massachusettes, ein konsert som kan høyrast på plata Joe Cocker-Live som kom i platehyllene i mai året etter. I 1991 kom Heart si andre livekonsertplate, Rock The House! Live på marknaden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar