05.10.2016

Fyrste oktober

Fyrste oktober 1932 kom Albert Collins til verda i Leona i skytegale Texas. Gitaristen Collins hadde stor suksess på eiga hand då han starta med plateinnspelingar på 1960-talet. Hjå meg er Collins kreditert for gitarspel på songen The Blues Is Alright, som du finn på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. Collins døyde i 1993. I 1940 vart Brynjar Hoff fødd på Orkdal. Oboisten og budisten Hoff vart profesjonell musikarar allereie som femtenåring, då han byrja å spele med Trondheim Symfoniorkester, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Cornelis Vreeswijk si samleplate Guldkorn Från Master Cees Memoarer, som kom på marknaden i 1998. I 1945 vart Donny Edward Hathaway fødd i Chicago i Illinois. Songaren Donny Hathaway sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Where Is The Love, som sikra dei ein Grammy-statuett i 1973, og kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. Hathaway tok sjølvmord i 1979. I 1946 kom Dave Holland til verda i engelske Wolverhampton. Bassisten Holland sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Miles Davis si studioplate In A Silent Way, frå 1969, og Water Babies, ei samleplate som kom på marknaden i 1976. I 1959 vart Youssou N’Dour fødd i rallybyen Dakar. Den tidlegare presidentkandidaten Youssou N’Dour har ei stor karriere på eiga hand, men hjå meg høyrest han med vokalbidrag på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1963 kom Dimitris Yerasimos til verda i porten til Orienten, Istanbul. Electronica-artisten og Dj’en Dimitri From Paris mixar musikk frå ’50, ’60, ’70 og ’80-talet med moderne rytmar og kan hjå meg nytast på plata A Night At The Playboy Mansion frå 2000. I 1965 vart Ida Eva-Anna Schultz fødd i Stockholm. Songerinna og skodespelaren Irma Schultz har ei solid karriere i heimlandet Sverige. Hjå meg kan Schultz høyrast med bakgrunnsvokal på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1973 fekk Dinosaur Song evig liv då Johnny Cash gjorde ei innspeling av denne barnesongen heime i Hendersonville. Dei som har det til felles med underteikna at The Johnny Cash Childrens Album (1975) er kjøpt inn til odel og eige, kan høyre denne kvar dag. I 1980 platedebuterte Bauhaus med In The Flat Field, absolutt ei plate det er verd å få med seg. I 1982 stod Toy Dolls for godlyd i Mount Pleasant Club i Gateshead. I 1984 kom Ramones-plata Too Tough To Die på marknaden. Innspelinga vart gjort i Intergalactic Studios i New York i juli same år. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Glasgow University. I 1990 slepte Iron Maiden plata No Prayer For The Dying, som står solid i mi platehylle. Plata sikra dei ein andreplass på listene. I 1996 kom Nirvana-plata From The Muddy Banks Of The Wishkah på marknaden. Plata inneheldt diverse liveopptak trioen hadde spela inn over tid. Også New York-gjengen Pist On nytta høve til å sleppe ei plate denne dagen, den fekk namnet Number One og var deira fyrste langspelplate. I 1998 oppsummerte Mano Negra ei innhaldsrik karriere med eit Best Of-Album. I 2001 gav Vincent Gallo ut plata When. I 2004 døyde Bruce Palmer. I 2007 slepte eit attforeina The Cult plata Born Into This, dette var bandet si åttande studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar