14.10.2016

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i det myteomspunne poporkesteret The Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Lennon var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. Hjå meg kan Lennon sin musikk nytast på The Beatles si samleplate Anthology 1, som omfattar den tidlegaste perioden av Fab Four si karriere. Lennon vart skoten av Mark Chapman i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i elvebyen New Orleans i Louisiana. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. John Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanande og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1948 kom Clyde Jackson Browne til verda i tyske Heidelberg. Den norskætta miljøforkjemparen Jackson Browne er kritikarrost amerikansk gitarist og komponist med eigen plass i Rock’n Roll Hall Of Fame i Ohio. I 1954 kom James Fearnley til verda i engelske Worsley. Fearnley spelar til vanleg accordion i folk-punk-bandet The Pogues. Hjå meg høyrer du Fearnley på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). I mi platesamling kan Fearnley også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road, som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1955 vart Shona Laing fødd på New Zealand. Gitaristen Laing har solokarriere med ein beskjede, men trufast tilhengjarskare i heimlandet, hjå meg kan ho høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1956 kom Geir Langslet til verda i marinebyen Horten. Kapellmester og pianist Langslet kan skilte med meir enn tjue års fartstid i Lava, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på tre ulike samleplater. Absolute Prima Vera (1994), 21 Beste (Olav Stedje) (1998), og Trond-Viggos Best, som var Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til populærkulturen i 1998. I 1958 vart Alain David Jourgensen fødd i Havanna på den karibiske perla Cuba. Al Jourgensen er grunnleggjar av, og vokalist i, industrimetallbandet Ministry. Hjå meg kan du høyre Jourgensen på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1959 vart Thomas Wydler fødd i den sveitsiske finansbyen Zürich. Trommeslagaren Wydler vert rekna som ein av kjernemedlemmene i Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast medan han held takten på plata The Boatman’s Call frå 1997, og Nocturama frå 2003. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit i Michigan velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan i mi platesamling høyrast medan han spelar altsaksofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yoevil sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda i engelske Bridport. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på studioplatene Rid Of Me (1993), To Bring You My Love (1995, Is This Desire (1998), Stories From The City. Stories From The Sea (2000) og White Chalk (2007), og fleire vert det nok i framtida, for dama produserer musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1967 vart Mathew David Osman fødd i den engelske hagebyen Welwyn Garden City. Bassisten Mat Osman spelar i Suede og kan hjå meg høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1970 vart Atle Byström fødd. Al DeLoner var gitarist og pianist i Midnight Choir og hjå meg kan han høyrast på platene Midnight Choir (1994) og Unsung Heroin (2000). I 1978 døyde Jacques Brel. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallais De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2000 slepte britiske The Beautiful South plata Painting It Red. I 2001 var det klart for plateslepp frå Leonard Cohen, produktet fekk namnet Ten New Songs og hadde, ganske riktig, ti nye songar. I 2012 slepte Kiss si tjuande studioplate, Monster.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar