14.10.2016

Sjette oktober

Sjette oktober 1954 vart David Hidalgo fødd i storbyen Los Angeles i California. Multiinstrumentalisten Hidalgo er best kjend for arbeidet han har gjort i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast med både gitar- og akordionspel på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992, og med bass og gitarspel på utvalde spor på samelplata Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det legendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådeleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på konsertplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. I 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platina. Same dag vart det høve til å kjøpe Stevie Ray Vaughan And Double Trouble si konsertplate In The Beginning. Plata vart spela inn i Austin, hovudstad i skytegale Texas fyrste april 1980 og då det ferdige produktet endeleg kom på marknaden, hadde hovudpersonen vore daud i to år. I 1997 nytta Suede dagen til å sleppe si fyrste samleplate, Sci-Fi Lullabies, som inneheldt B-sider frå bandet sine singelplater frå dei tre fyrste studioplatene. I 1998 slepte den baskiske alternativartisten Manu Chao plata Clandestino.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar