18.10.2016

Attande oktober

Attende oktober 1926 såg Charles Edward Anderson Berry dagen lys i St. Louis i Missouri. Chuck Berry har inspirert musikarar og luftgitaristar i fleire generasjonar, men vert like gjerne sett i samband med ein ganske anti-erotisk gitardans kalla duck-walk som med dei drivande gitarriffa som kjenneteiknar musikken hans. Plata Roll Over Beethoven står i mi platehylle og oppsummerar karriera hans kort og greitt, sjølv om kvaliteten på dei utvalde spora er ujamn. Det er berre å innsjå at i mi platehylle er det andre artistar sine versjonar av Berry sine songar som briljerer. I 1967 kom Beth Hirch til verda i Tampa i pensjoniststaten Florida. Songerinna Hirch er best kjend for samarbeidet ho har gjort med franske Air og røysta hennar kan i mi platehylle nytast på plata Moon Safari frå 1998. I 1972 vart bassisten Lasse Wedeen fødd. Wedeen trakterar bassen på BigBang si plate Too Much Yang frå 2007. I 1974 kom Anders Peter Svensson til verda i svenske Jömköping. Gitaristen Peter Svensson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1977 var The Who i Ramport Studios og spelte inn Love Is Coming Down, som enda opp på plata Who Are You året etter. I 1978 kom Brynjulf Guddal til verda. Trommisen Guddal har mange jern i elden, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Evil Tordivel på plata A Fine Young Man frå 2004. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast i Aligauhalle i Kempten. I 1987 spelte Toy Dolls på Blackfood Club i Morbihau. I 1989 var det Palladium i Genève som fekk vitjing av gladpunkarane i Toy Dolls. I 1993 slepte Crowded House plata Together Alone, dette var bandet si fjerde studioplate. I 1994 døyde Lee Allen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar