14.10.2016

Åttande oktober

Åttande oktober 1932 kom Roddis Franklin Drake til verda i sørstatsbyen Augusta i Georgia. Pete Drake tente til livets opphald som plateprodusent, i tillegg til å spele det kuriøse instrumentet steel-guitar. Hjå meg Drake høyrast med stålgitaren sin på Bob Dylan sine studioplater John Wesley Harding og Nashville Skyline, begge frå 1967. Drake døyde i 1988. I 1941 vart David Arbus fødd i engelske Leicester. Dave Arbus er best kjend for å spele i bandet East Of Eden, hjå meg kan han høyrast med violinspel på Baba O’Riley frå The Who si plate Who’s Next frå 1971. I 1948 vart Johnny Ramone fødd som John William Cummings på Long Island i New York. Johnny Ramone var gitarist i det legendariske punkbandet Ramones, som inspirerte ein heil generasjon av unge punkarar verda over til å kle seg i svarte skinnjakkar. Johnny Ramone fekk plass på Time Magazine si liste over verdas ti beste el-gitaristar før han døyde i 2004. Hjå meg kan Ramone høyrast på platene Leave Home, End Of The Century, Pleasant Drams, Mania og Brain Drain. I 1949 vart Hamish Stuart fødd i skotske Glasgow. Stewart spelte gitar og bass i Average White Band fram til 1982 og kan hjå meg høyarst på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg er han kreditert for gitarspel på utvalde spor på Johnny Cash si samleplate The Mercury Years (2000). I 1950 kom Robert Earl Bell til verda i Youngstown i Ohio. Kool har, saman med resten av The Gang, levert dansbare hits sidan platedebuten i 1969. Hjå meg Kool høyrast på samleplata Anthology 20 Greatest Tracks. Kool er også, under eige døypenanm, kreditert for basspel og trommeprogrammering på Robbie Robertson si plate Storyville frå 1991. I 1952 kom Clifford Adams til verda i Trenton i New Jersey. Trombonisten Adams kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Kool & The Gang si samleplate Anthology – 20 Great Tracks, som kom på marknaden i 1991. I 1958 kom Casey Royer til verda. Royer var med å starte det amerikanske punkbandet D.I. i 1981 og skal i dag vere einaste originalmedlemen att i bandet. Royer kan i mi platesamling høyrast på D.I. si femte plate, State Of Shock frå 1994. I 1963 slepte John Coltrane konsertplata Live At Birdland 1962. I 1970 spelte Johnny Cash inn Flesh & Blood som skulle vere musikk til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1978 nytta Neil Young dagen til å gje ut albumet Comes A Time på plateselskapet Reprise. Plata nådde sjuandeplass på Billboard 100 som beste plassering. I 1983 gjekk Iron Maiden på scenen og spelte for eit utseld Madison Square Garden i New York. I 1984 var Iron Maiden på plass i London i eit utseld Hammersmith. I 1987 spele Toy Dolls i Salle De Al Foe i Tours. I 1989 fekk Willem II i nederlandske Den Bosch besøk av Toy Dolls. I 2002 gav Soft Cell ut plata Cruelty Whithout Beauty. I 2007 gav Robert Wyatt ut si ellevte soloplate, Comicopera, der “The Modfather” Paul Weller var ein av fleire gjestemusikarar. I 2011 døyde Mickey Welsh.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar